nyhende
Saknar du ein båt?
Denne var på rek i Vigdarvatnet, men er no fortøydd og ventar på eigaren.
Det er Bjarne H. Sætrang som har sendt bilde og tipsa om båten. Og ikkje berre det: han har også sørga for at båten ikkje rek vidare.
– Eg var en tur på Vigdarvatnet i helga og kom over en båt på rek. Truleg ein Pioner, kanskje 10 fot. Den har sikkert slite seg frå ein stad. No ligg den inntil land på austbreidda av Skorpo. Eg har festa den til ein stein slik at den ikke driv derifrå, fortel Sætrang.
Om du er eigaren til båten, tips gjerne Vestavind når du har henta den.