nyhende
Vil auka nødhjelp til sveibuar
NAV Sveio seier auke i levekostnadar gjer at fleire har økonomiske problem. Formannskapet røysta tysdag for å auka daglege satsar for korttids-stønad. — Viktig for dei det gjeld, seier kommunalsjef for helse Ingunn Toft.
Dei siste tolv månadane har talet på mottakarar av arbeidsavklaringspengar sokke.
— Om lag 20 færre personar, seier Sindre Vikanes, leiar for NAV i Sveio.
Han fortel at det økonomiske biletet i Sveio likevel er blanda.
— I april var det 0,9 prosent heilt ledige av arbeidsstyrken, seier Vikanes.
Mai månad har talet auka til ein prosent. Det utgjer 27 personar. I fjor var det 33 personar heilt ledige.
Framleis vanskeleg for mange
Samstundes har det vore ein auke i noko som har gjort livet vanskeleg for mange.
— Me opplev også at fleire enn før har fått økonomiske problem grunna aukande levekostnadar, seier han.
I fjor fekk tusenvis av nordmenn ein raskt dyrare kvardag, særleg grunna straum- og matprisar. Blant dei var fleire sveibuar. Vikanes oppmoda folk den gong om å sjå på korleis NAV kan hjelpa dei.
Han understrekar at mogelegheita er der framleis.
— Me tilbyr økonomisk råd og rettleiing, og økonomisk stønad der det er naudsynt, seier Vikanes.
Nødhjelp til sveibuar
Korleis dyrtid råkar Sveio var eit tema på formannskapsmøtet den 30. mai.
Der røysta dei for å auka daglege satsar for såkalla nødhjelp. Det er ein korttids-stønad frå NAV som skal hjelpa trengande med utgifter til mat og liknande i opp til tre dagar.
— Ein skal ikkje bruka mykje sosialhjelp, men når ein skal det må det reflektera verkelegheitsbiletet, seier Toft.
Saka vert dermed sendt vidare til kommunestyret den 12. juni, som skal ta den endelege avgjersla om auke eller ikkje.
— Kvifor vart auka føreslege?
— Me har sikkert hatt same satsar i om lag 20 år. Prisen på mat og slikt har auka på den tida, seier Toft.
Noverande ordning gjev 80 kroner til vaksne og 50 kroner til barn per dag.
Stor skilnad
Formannskapet røysta for å auka satsen med 20 kroner. Då får vaksne 100 kroner og barn 70 kroner dagen, same beløp som i Stord.
— Me vil harmonisera satsane med nærliggande kommunar, som for tida også jobbar med saka.
Satsane er nemleg noko som vert lokalt bestemt. I 2022 vart 93.000 kroner gjeve i nødhjelp i Sveio, med totalt 100.000 kroner sett av til formålet.
Rådmannen trur kostnaden med auka satsar vil verta om lag 120.000 kroner. Toft meiner kostnaden for Sveio er liten, men at det utgjer ein stor skilnad.
— Det er ikkje ein stor kostnadsauke for oss, om lag 20.000 kroner i året. Men, det er viktig for dei det gjeld, seier ho.
Leiaren for NAV er glad for at temaet kjem på den politiske agendaen i kommunen.
— Eg tenkjer det er viktig at denne type saker vert diskutert i lys av auka levekostnadar, seier Vikanes.