nyhende
– Viktigaste verktøyet me har for å leggje til rette for framtidig utvikling og vekst
Kva blir den viktigaste saka for deg i 2025? Kven av dine politiske motstandarar likar du å debattera med? Det er to av spørsmåla gruppeleiarane i Sveio svarar på.
– Ferdigstille rullering av kommuneplanen. Dette er det viktigaste verktøyet me har for å leggje til rette for framtidig utvikling og vekst i kommunen.
– Kva var den viktigaste saka for deg i 2024?
Nyskapande aktivitetsanlegg. Me har lagt ned mykje arbeid i å modne fram tiltak som kan bidra til auka aktivitet i og rundt Vigdartun. I årets siste kommunestyremøte vedtok vi å gå vidare med planane om å byggje meir hallkapasitet i tilknytting til Vigdartun opp mot Sveiogata. Dette er hallkapasitet som er sterkt etterspurt av dei framtidige brukarane.
– Kven av dine politiske motstandarar likar du best å debattera med, og kvifor?
– Olav Østebø Olsen (SV). Han har mykje kunnskap som eg sjølv manglar og har evne til å spe på debatten med dikt og artige referansar.
– Kven av kommunestyrerepresentantane har du lyst til å framheva?
– Eg vil framheva ordføraren vår som eg synes representerer kommunestyret og kommunen på ein offensiv og flott måte både lokalt og utanfor kommunegrensene.
– Kven vinn stortingsvalet til hausten og kvifor?
– Høgre vinn valet og vil sitja i førarsetet for ein ny borgarleg regjering saman med FrP, KrF og V. Veljarane ønsker ny regjering og nye løysingar.