nyhende

Viktigast å støtta, ikkje å vinna

Strikkeforeininga sin årlege basar gjorde det trongt om plassen på Soknehuset. Mange tok «årene» fatt og gav pengar til ei god sak, og fleire av dei frivillige fortalde om den overraskande staden den første basaren vart halde for mange år sidan.

Publisert Sist oppdatert

Prest Arild Steinsland reiser seg for å gå opp til talarstolen under den årlege strikkebasaren, og ikkje for første gong. Han skal vidare, men oppmodar folk om å koma til kyrkja sine hendingar i løpet av veka.

– De skal få mogelegheit til å nyta meir god mat, spøker Steinslag til latter og smil frå forsamlinga.

Sykkeltradisjon

Steinsland er vandt til å snakka for folk, men mange er mogelegvis ikkje vant til å sjå presten slik han er no. Saman med prestekollega Arnt Johan Vistnes har han nemleg på seg sykkeluniform.

– Me har sykla til basaren i dag. Det er ein tradisjon me har, seier Steinsland.

– Kor mange gonger har de gjort det?

– Det vert åtte gonger i år, svarar han.

Bar til basar

Dagens konferansier for strikkebasaren ler når ho vert spurd om ho kan kallast «konferansier».

– Nei, eg er ikkje det, men eg har kome med beskjedar og slikt, humrar Marianne Svarverud Hansen.

Ho kjem opphaveleg frå Lillehammer og har budd i Sveio sidan 1978, om lag 46 år. Saman med fleire andre frivillige frå Strikkeforeininga har ho sett fram god mat, dessert og kaffi til dei besøkande. Hansen er ikkje heilt sikker på når den årlege basaren byrja, men peikar mot rundt 2009.

Byrja i ein bar

– Då var det mellom anna Solveig Hinderlid som starta med det. Inntekta gjekk då til dåpskluter i heile kommunen, seier ho.

Dagens basar samlar inn pengar til dåpsklutar, men også til vidare drift av Soknehuset fortel Hansen. Om lag 80 personar har møtt opp for å vera med. Fleire andre frivillige Vestavind snakkar med nemner den litt overraskande staden den aller første basaren vart halden. Ingen er heilt sikre på når dette var, men meiner det heile byrja i ein bar.

– Eg meiner eigaren heit «Dale» til etternamn, og det var i eit bygg i Sveio sentrum, seier Astrid Sveen frå strikkeforeininga, som samstundes understrekar at basaren var på føremiddagen og det ikkje var servering av alkohol under basaren.

Springbrett og vaflar

Uansett om den første basar var i ein bar, eller ikkje, så har den årlege basaren vore ei samlande hending, og for nokon eit springbrett inn i det sosiale.

– Eg byrja i strikkeforeninga for rundt 10 eller 11 år sidan. Då var basaren i bedehuset i Løkjavegen. Eg ned der til om lag 24 damer eg aldri hatt møtt før, og sidan har eg vore med, seier Marit Helene Fosse og legg til:

– Det er ein fin måte å verta kjend med folk, smiler ho.

Fosse har sjølv steikt vaflar som ligg klare til å etast, og saman med mykje anna frå bordet forsvinn ein etter ein. Medan folk et, har sal av lodd, eller årer byrja. Ei av dei som ruslar rundt er Eldrid Vea Fiskaaen.

Fekk inn over 20.000 kroner

– Kor mange skal du ha, spør ho Gislaug Emberland.

Emberland gjev Fiskaaen pengar og legg årene sine på bordet.

– Er det noko særskild premie du har auge for?

– Nei, ikkje noko spesielt, svarar ho.

Fiskaaen går vidare rundt i forsamlinga. Ved enden av eit bord sit dei tre damene Ruth Svendsen, Marta Edvardsen og Aslaug Kinn. Dei har alle fått noko godt å eta og er no klare for å sjå om dei vinn noko. Etter basaren har teke slutt kjem Astrid Sveen frå strikkeforeininga med gode nyheiter.

– Me fekk inn over 20.000 kroner i kontanter, pluss litt i vipps, seier ho.

Powered by Labrador CMS