nyhende

Vikse skule søkjer ny undervisningsinspektør.
Vikse skule søkjer ny undervisningsinspektør.

Viktig stilling vert ledig hjå denne skulen

Ein av skulane i Sveio lyser ut ei sentral stilling, sjå kva slag.

Publisert Sist oppdatert

Skuleleiinga ved Vikse skule lyser ut ledig stilling. No er dei på utkikk etter ny undervisningsinspektør, og har gjeve nesten ut juni månad for folk til å søka.

Vikse skule er ein av fem skular i kommunen og har born frå første til sjuande klasse. Stillinga er fast og 100 prosent, men i annonsen opnar dei for anna løysing.

– Lågare stillingsstorleik kan etter avtale vere aktuelt, heiter det.

Vikse skule har i underkant av 130 elevar og 15 lærarar.

Powered by Labrador CMS