nyhende
Vikse paintball stengt på ubestemt tid
Etter 25 år med drift må Dagfinn Vikse mellombels stenga anlegget, medan han ventar på å få avklart forholda ved banen.
Ifølgje dagleg leiar Dagfinn Vikse heng stenginga saman med at bygga ved anlegget, som han og kompisane sette opp då dei var 15 år gamle, aldri har vore omsøkte.
Ifølgje Vikse sende klubben i 2018 inn eit innspel om å få området inn i kommuneplanen som turist- og næringsområde. Sidan har dei hatt dialog med kommunen om saka.
Må oppgradera veg og bygg
Rett før jul fekk klubben brev frå kommunen om bruksforbod på vegen ut til banen og på bygga ved anlegget. Ifølgje Vikse betyr det at både vegen og bygga må godkjennast av kommunen før anlegget kan takast i bruk igjen.
– No har me endeleg fått søkt om veg og bygg, men i påvente av svar på søknaden må me stengja ned på ubestemt tid. Dette synest me er synd midt i høgsesongen som startar no, seier Vikse.
Han håpar samstundes at klubben kan få tilbodet i gang igjen så snart saka er avklart.
– Me ønskjer å kunna laga og tilby noko som kan bli mykje brukt av folk og ungdom i Sveio og heile Haugalandet. Ei oppgradering av bygga ønskjer me å få til så snart me får i orden det som er ønskjeleg frå kommunen, seier Vikse.
Vikse seier at dei opplever å ha kommunen med på laget.
– Me føler kommunen spelar på lag med oss, og håpar at me får ordna opp så fort som mogleg, seier han.