nyhende

Dagleg leiar i Vikse paintballklubb, Dagfinn Vikse, kan igjen opne paintballbana etter at kommunen oppheva stansvedtaket.

Ny vending i saka om paintballbana

Det er berre få dagar sidan Dagfinn Vikse måtte melde at Vikse paintball måtte stenge anlegget. No har saka teke ei ny vending.

Publisert Sist oppdatert

Torsdag fekk Vikse, som er dagleg leiar i klubben, brev frå Sveio kommune om at vedtaket om stans i bruk av vegen og bygga knytte til anlegget er oppheva. Det betyr at klubben no kan opne opp att for aktivitet.

Samtidig skriv kommunen i brevet at saka ikkje er ferdig avgjord. Paintball-aktiviteten kan halde fram medan kommunen behandlar saka vidare og ser på søknaden for vegen og bygga ved anlegget.

– Det er kjempeflott at vi no kan halde ope igjen medan saka pågår, seier Vikse.

Det betyr at dei som tidlegare har fått beskjed om at det ikkje var mogleg å spele på bana, no kan få høve til det igjen.

– Som eg sa sist, det er no folk vil spele, seier Vikse, som håpar at paintballglade folk i Sveio og omegn tar kontakt med klubben etter at bana er opna for spel igjen.

Powered by Labrador CMS