nyhende

FAU ved Vikse skule om framtidig skulestruktur:

Anne Krokedal, leiar i FAU på Vikse skule 2021 talar foreldre og bygdefolket si sak for å behalda skulen som den er. Sjølv har ho tre barn, to av dei skuleungar.
Anne Krokedal, leiar i FAU på Vikse skule 2021 talar foreldre og bygdefolket si sak for å behalda skulen som den er. Sjølv har ho tre barn, to av dei skuleungar.

– Vikse er eit område i vekst

– Det er klart at me ikkje ønskjer å flytta 5.-7. klasse. Vikse skule er den som er under best oppbygging, sett bort frå Sveio skule, seier FAU-leiar Anne Krokedal. Tilflytting er eit godt argument for at det grunnlag for å behalda skulen slik som no.

Publisert Sist oppdatert

Rapporten kom brått på dei fleste innbyggjarane i Viksekrinsen. FAU ved Vikse skule er høyringspart, og jobbar for tida med eit tilsvar. Foreldregruppa hadde digitalt møte tidleg i januar, der det blei sett på fordelar og ulemper ved den moglege flyttinga.

– Det er klart at me ikkje ønskjer å flytta 5.-7. klasse. Alle er einige, og det er stor oppslutnad frå foreldre. Me har fått mange tilbakemeldingar om at me må gjera noko med dette. Fleire er rysta, seier Anne Krokedal, leiar i FAU.

Levande bygder

– Forsking viser tydeleg at små klassar, som ein ofte finn på små skular, er klart best, og gir eit fagleg forsprang i forhold til elevar i normalklassar, seier Krokedal.

Dei tilsette på skulen får ros for å sjå kvar enkelt elev. Det er også fleire elevar frå Sveio som har byta til Vikse, og fått ein betre skulekvardag.

– Me synest ikkje det er gode grunnar til å flytta elevar frå Vikse til Sveio. Me har rett til ein skule i nærmiljøet i følgje nærskuleprinsippet. Det gir levande bygder – skulen er eit samlingspunkt, seier Krokedal, og legg til at det ikkje er store summar ein vil spara på å slå saman klassar.

Tilflytting

Ved å behalda skulen som den er, vil området forbli attraktivt, meiner ho. Tilflytting er eit godt argument for å behalda skulen.

– Mange flyttar her frå Haugesund. Folk vil ikkje flytta til ein skulekrets som berre har 1.-4. klasse. Rophus og Ekrene er attraktivt for innflyttarar, då er det viktig å sikra eit godt skuletilbod, seier Krokedal, som sjølv tilflyttar frå Haugesund.

Oppropet for å behalda skulen fekk over 100 signeringar frå bygdefolk på tre timar på nettet.

Byggjefelt

– Me er veldig opptatt av at det vil bli mykje lengre skuleveg for 5.-7. klasse dersom dei skal flyttast til Sveio. Nokre elevar vil då sitja på bussen 45 minutt kvar veg som 10-åringar. Det vil bli mindre tid til fysisk aktivitet, og mange som kan sykla og gå blir nøydde for å ta buss.

– I rapporten blir Sveio og Førde vektlagt som sentrale skular i Sveio. Det er me på generell basis ganske ueinige i. Vikse skule er den som er under best oppbygging, sett bort frå Sveio skule, poengterer Krokedal, og viser til at det er eit byggjefelt under planleggjing på Ekrene og Rophus.
– Det er absolutt viktig å ha med i betrakninga. Vikse er eit område i vekst – kvifor då gjera endringar?

Powered by Labrador CMS