nyhende
Vigsla som Bjørgvin sin første kvinnelege biskop
Ragnhild Jepsen vart søndag vigsla inn som Bjørgvins nye biskop med pomp og prakt i ei gudsteneste der kong Harald og fleire regjeringsmedlemmer deltok
53-åringen kjem frå stillinga som domprost i Nidaros Bispedømme, ei stilling ho har hatt i elleve år. Det var i februar at Kyrkjerådet landa på Jepsen som etterfølgjaren til Halvor Nordhaug, som vart innsett som biskop i 2009.
— Eg er glad og takksam for utnemninga. Det er ei stor oppgåve som eg går til med glede og audmjukskap, sa ho den gong.
Søndag var Bergen domkirke fylt til siste benkerad då Jepsen vart vigsla inn føre celebre gjester. På første benk sat kong Harald, statsrådane Kjersti Toppe (Sp) og Marte Mjøs Persen (Ap) og dei fleste av biskopane i landet.
I tillegg var biskopar frå dei evangelisk-lutherske kyrkjesamfunna i Norden, England og Jordan til stades.
– Stå opp mot uretten
Olav Fykse Tveit, preses i Den norske kyrkja, innleidde vigslinga med ein tale, før Jepsen leverte løftet sitt som biskop, som vart stadfesta med eit handtrykk dei imellom. Etter å ha fått velsigning frå norske og utanlandske biskopar, tok Jepsen sjølv over seremonien.
— Dei blanke dagane ligg framfor oss, starta Jepsen si første preike som biskop med.
I preika la ho vekt på viktigheita av nestekjærleik, dei nære relasjonane, og det å vere ein medborgar i ei verd som ropar etter rettferd.
— Vi treng å høyre kallet om å stå opp mot uretten, sa Jepsen.
Historisk sus
Seremonien, som starta klokka 11 og varte vel ein time, inneheldt mykje song og musikk. Den var også prega av ein historisk sus.
Jepsen er den første kvinnelege biskopen i Bjørgvins nesten 1000 år lange historie. Bispedømmet omfattar Vestland fylke og har også tilsynet med Sjømannskyrkja.
— Det er ein stor dag. Det er ein dag gitt oss av Gud, sa Olav Fykse Tveit.
Jepsen voks opp i Ål i Hallingdal med ein bror. Foreldra var lærarar. 53-åringen har hatt mesteparten av prestegjerninga si i Nidaros og har aldri budd eller verka som prest i Bjørgvin, men har slekt frå Stord, Bergen og Os.
Vil vere tydeleg
Jepsen blir rekna som liberal og tek no over eit meir konservativt bispedømme enn det ho kom frå. 53-åringen har varsla at ho kjem til å vere tydeleg i rolla si som biskop, også i politisk betente saker.
— Vi kan tole mykje forskjellighet når vi deler tradisjonar og truserfaring, har Jepsen sagt i eit intervju med Bergens Tidende.
Ho vil sjølv vere ein tydeleg samfunnsaktør. Det gjeld alt frå klima til situasjonen i Palestina.
— Vi varetek ikkje skaparverket Gud har gitt oss. Vi må gjere drastiske endringar. Vi må setje oss nye mål, men ikkje uoppnåelege mål som spreier håpløyse, sa ho til avisa.