nyhende

Nær 3.000 lærarar kjem til å vere ute i streik frå og med måndag. Foto: Gorm Kallestad / NTB
Nær 3.000 lærarar kjem til å vere ute i streik frå og med måndag.

Vidaregåande-elevar frå Sveio blir råka når streiken trappast opp

Utdanningsforbundet trappar opp streiken med over 1.400 lærarar frå måndag. Dermed har nesten 3.000 lærarar lagt ned arbeidet. Tre vidaregåande skoler i Haugesund er omfatta av det nye streikeuttaket.

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB/VESTAVIND: Ingen skuler i Sveio blir råka av streiken, men tre vidaregåande skuler i Haugesund – som alle har elevar frå Sveio – er omfatta av det nye uttaket:

• Karmsund vidaregåande skole – 60 i streik

• Skeisvang vidaregåande skole – 27 i streik

• Vardafjell vidaregåande skole – 27 i streik

I tillegg er to ungdomsskuler i Haugesund kommune omfatta av det nye uttaket:

• Haraldsvang skole – 41 i streik

• Håvåsen skole – 2 i streik

Ikkje barnetrinnet

Heller ikkje i denne tredje runden vil lærarane ramme barnetrinnet eller barnehagane. Alle lærarar i streik frå måndag 29. august jobbar i ungdomsskulen eller i vidaregåande skule, melder TV 2.

– Lærarhjarta våre blør når elevane blir ramma av denne konflikten. Men dei blir ramma hardare når dei ikkje får lærarar som er utdanna til denne viktige og krevjande jobben, seier leiar Steffen Handal i Utdanningsforbundet.

Fagforbundet til lærarane i kommunesektoren braut meklinga i lønnsoppgjeret, mange timar på overtid. Då var det klart at dei ikkje nådde fram med lønnskrava sine. Streiken har formelt vart sidan før sommaren, men det er først no etter skulestart at den verkeleg gjer seg gjeldande.

Powered by Labrador CMS