nyhende

John Kristian Økland frå Høgre. Arkivfoto: Morten Vågset Møller
John Kristian Økland frå Høgre.

– Vi vil vidareføre dette arbeidet med uforminska kraft i 2026

Kva var den viktigaste politiske saka i Sveio i år, og kva vil dei prioritera i 2026? Me har spurt politikarar frå kvart parti. I dag: John Kristian Økland, Høgre.

Publisert Sist oppdatert

Kven er denne politikaren?

Namn: John Kristian Økland

Alder: 51

Bustad: Auklandshamn

Parti: Høgre

– Opprettholde fremdrift i rullering av Kommuneplanen. Dette er det viktigaste verktøyet me har for å leggje til rette for framtidig utvikling og vekst i kommunen. Vi vil vidareføre dette arbeidet med uforminska kraft i 2026.

– Kva var den viktigaste saka for deg i 2025?

– Kva lokalpolitisk sak blir den viktigaste for deg i 2026?
– Det nye Helsehuset – her har vi bede rådmannen lysa ut anbod innan sommaren 2026 og tildele kontrakt på bygging innan utgangen av året.

– Kven er statsminister hausten 2026, og kvifor?
– Det er mest sannsynleg Jonas Gahr Støre, sjølv om samarbeidet på raudgrøn side allereie etter berre nokre månadar verkar å skrante. Vi får sjå om dei klarar å einast om budsjett for 2027. Dersom ikkje reknar eg med at Ine Marie Eriksen Søreide står klar til å overta.

– Har du eit personeleg mål for 2026? Kva og kvifor?
– Setje av meir tid til vener og familie. Jobb og tidvis politikk og andre engasjement tek mykje av tida mi.

Powered by Labrador CMS