nyhende

Vi ventar med ekteskap og skil oss sjeldnare

Det har ikkje vore lågare skilsmissetal sidan 1980-talet i Noreg. Forklaringa kan liggje i ei endring i når ein giftar seg.

Publisert Sist oppdatert

I 2022 var det 8.204 par som skilde seg. Det er det lågaste talet på skilsmisser sidan 1986, då 7.813 ektepar gjekk frå kvarandre, opplyser Statistisk sentralbyrå (SSB).

Skilsmissetalet auka fram til 2004, då så mange som 11.045 ekteskap blei oppløyste.

Nedgang under pandemien

Gjennom pandemiåra var det ein tydeleg nedgang i skilsmisser her i landet: frå 10.422 i 2019 til 8.204 skilsmisser i 2022. Det har vore ein lik nedgang i separasjonar.

– I mars 2020 var det fleire som trudde det ville bli auke i skilsmisser i Noreg, sidan alle blei innestengde under koronapandemien. Det vi såg var at færre skilte seg, då færre skil seg i usikre tider, seier Anders Sønstebø, seniorrådgivar i SSB.

På same tid var det stor nedgang i bryllaup i 2020 og 2021.

Først barn, så bryllaup

Morten Blekesaune er sosiolog ved Universitetet i Agder. Han seier det har vore etterslep på bryllaup som følgje av pandemien. Samtidig har det dei siste tiåra vore ei forandring i familielivet og oppfatninga av kva bryllaup og ekteskap betyr i Noreg.

– På 1980-talet fekk nordmenn barn i 20-åra. No får vi barn i 30-åra. Samtidig har vi byrja å gifte oss etter vi har stifta familie, seier Blekesaune.

Dette får utslag på tala for skilsmisser.

– At skilsmissetala går ned, handlar truleg om at folk ventar lengre med å gifte seg. Det er vaksne som giftar seg, og vaksne skil seg sjeldnare enn yngre.

– Vi ser heller ikkje på ekteskap på same måte som før. Tidlegare var ekteskap ein overgang til å bli familie. Ein blei saman, gifta seg og så fekk ein barn. I dag blir folk sambuarar, får barn og giftar seg. Det er ikkje den same livsovergangen i dag som det var for 40 år sidan.

Dette betyr likevel ikkje at familiar er meir stabile enn før eller at det ikkje lenger blir brot i partnarskap.

Fleire grå skilsmisser

Skilsmisseratane samla sett går ned, men aukar i aldersgruppene frå 55 år og over.

Menn skil seg oftast når dei er 45–49 år gamle, medan flest kvinner skil seg når dei er 20–24, viser rapporten til SSB.

Likevel er det også skilsmissene blant dei eldste av oss – «grå skilsmisser» – som er på veg opp. Skilsmisseratane samla sett går ned, men aukar i aldersgruppene frå 55 år og over.

I dag er ein i større økonomisk stand til å skilje seg, om ein vil, seier Sønstebø i SSB.

– Det ser ein spesielt med «grå skilsmisser». Når du er godt vaksen, framleis yrkesaktiv, har utflytta barn og både mann og kvinne har råd til å ta skilsmisse, er det fleire som spør seg sjølv om dei framleis fungerer som par. Er svaret nei, er det ingenting som hindrar verken mannen eller kona i å ta skilsmisse, seier Sønstebø.

– Har testa om ein trivst i lag

I litt over halvparten av alle skilsmisser er barn involverte. Totalt 7.716 barn under 18 år opplevde at foreldra deira skilde seg i 2022.

– Dei som giftar seg i dag er oftare i 30-åra. Då har dei som regel ikkje nettopp blitt kjende med kvarandre. Mange blir kjærastar, sambuarar og foreldre saman, for så å gifte seg. Då er ikkje ekteskapet ein ny livssituasjon å prøve ut. Ein har allereie testa ut om ein trivst i lag, seier Anders Sønstebø.

Powered by Labrador CMS