nyhende

Generalsekretær i DNT Dag Terje Solvang ved Sæteren gård. Arkivfoto: Vidar Ruud / NTB / NPK
Generalsekretær i DNT Dag Terje Solvang ved Sæteren gård.

— Vi må tole at friluftslivet endrar seg

Den Norske Turistforening hadde stor medlemsauke frå 2001 til 2019, men har dei siste åra opplevd fråfall i medlemmer. Generalsekretær Dag Terje Klarp Solvang seier vi må legge til rette for aktivitet unge ønskjer.

Publisert Sist oppdatert
– Å vere leiar i DNT er draumejobben, seier Solvang til Nynorsk pressekontor.

Foreininga har lagt bak seg to merkelege år. To år som berre har handla om å handtere pandemien, og all aktivitet har blitt kraftig redusert som følgje av restriksjonar.

– Regelen om éin-meter avstand har vore krevjande på både hytter og aktivitet. Alle som har vore på DNT hytte veit at det ikkje er lett å halde éin meter avstand når du vaskar opp eller sit i etesalen.

Jubilantauke

Fram til pandemien var det gode tider. Frå rundt 2001 til 2019 hadde DNT ein stor medlemsvekst. I 2017 nådde foreininga ein milepæl då dei fekk 300.000 medlemmer. Spesielt har auken vore stor i DNT Ung.

– Eg trur berekraft og det å gå tilbake til det enkle er bakgrunnen for auken. Ungdom er flinkare til å tenkje grønt og ta grønare val, dei ønskjer å reise mindre og oppleve meir. Då er det færre turar ut av landet og fleire i landet som gjeld.

Innføringa av familiemedlemskap i 2016 og 150-årsjubileum i 2018 er òg grunnar for auken.

Fråfall i pandemiåra

Frå 2019 har det derimot blitt færre medlemmer. I 2020 var det totalt 313.990 betalande medlemmer i foreininga, ein nedgang på 4.723 samanlikna med 2019. Det svarar til 1,5 prosent i nedgang.

– Ein skigard kan kje vara evig, veit du , song Stanley Jacobsen. Det hadde han eit poeng i. Ingenting kan vekse til himmelen. Vi ser at medlemskapstala flatar ut. Det gjorde dei allereie før pandemien seier Klarp Solvang.

Noko av grunnen for fråfallet under pandemien, er at dei har mista fleire utanlandsmedlemmer på grunn av stengde grenser. Klarp Solvang er sikker på at desse kjem til å kome tilbake når det blir meir normale tider. Det som uroar han er at fleire barn og unge fell vekk.

– Det er urovekkjande, for dei vil vi ha med. Får dei friluftssprøyta tidleg i livet, brukar dei friluftslivet framover òg. Det er ikkje om å gjere for oss å ha mange medlemmer, men vi veit at om du er medlem i DNT, brukar du friluftslivet oftare. Det er vår viktigaste oppgåve å få folk til å gjere, for brukar du naturen, blir du glad i naturen og tek vare på naturen.

Friluftslivet endrar seg

Jobben til DNT er òg å kjempe mot passivitet og dataspeling hos dei yngre generasjonane, fortel Klarp Solvang.

– Vi trur vi kan få dei ut om vi legg meir til rette for fysisk aktivitet i skulekvardagen.

– Vi må òg intensivere arbeidet med å få familiar med oss. Då handlar det ikkje lenger om hudfarge. Det er like mange etniske nordmenn med lang avstand til friluftslivet som det er nye til Noreg med like stor avstand.

Eit grep som kan gjere det meir freistande for unge å kome seg ut, er å legge til rette for aktiviteten dei ønskjer. Då må vi òg tole at friluftslivet endrar seg meiner Klarp Solvang.

– Eg blir glad når eg går tur i Nordmarka i Oslo og ser det kome 12-åringar på terreng- og stisyklar. Det er ein annan bruk av stiane enn vanleg, men eg er glad for at dei er ute i frisk natur. Alternativet er at dei sit inne og spelar dataspel.

– Samstundes som vi legg til rette for ein ny type aktivitet i friluftslivet, må det vere plass for det andre også. Det skal ikkje bli fatbike-sykling i skisporet, men må vere plass til at både den klassiske nordmarka-travaren og syklisten kan få bruke naturen.

Fleire er avventande

Klarp Solvang har vore generalsekretær i DNT sidan 2018. Påska 2019 var fin og god med mykje snø og fine forhold, ingen uhell eller ulukker heller. Han håpar å endeleg få ei ny påske som det, etter to år med restriksjonar og koronahandtering.

– Til påska i år er det god påmelding til aktivitetar og fellesturar, men til no treigt med bestilling på hytter, dårlegare enn i 2018 og 2019.

– Vi ser på kulturlivet elles at folk ventar, kanskje fordi dei er usikre på smittesituasjonen, redd for å få korona eller også sidan det er sein påske at det er lite snø. Eg skulle i alle fall ønskje at det var trongare i døra no og fleire som bestilte.

(©NPK)

DNT har hatt stor medlemsauke frå 2001 til 2019. Under pandemiåra har medlemstala gått ned.
Powered by Labrador CMS