nyhende
Vi må førebu oss på å betale meir skatt i framtida
Det er venta at offentleg pengebruk vil auke i åra framover – blant anna fordi vi blir fleire eldre. For å møte det behovet må vi både stramme inn på offentlege utgifter no og samtidig auke dei samla skatteinntektene, meiner direktøren ved forskingsstiftinga Frischsenteret.
Noreg vil stå overfor ein mykje større auke i offentlege utgifter enn inntekter framover, ifølgje økonomiske analysar frå Riksrevisjonen. I snitt vil utgiftene kunne auke med sju milliardar kroner meir enn inntektene kvart år. Usikkerheit gjer at det framtidige utgiftsgapet kan bli endå større.
– Personleg er eg litt skeptisk til ei førestilling om at vi skal senke samla skatteinntekter ganske mykje. Fordi vi veit at det ikkje er mange år til vi vil få eit kraftig behov for auka offentlege utgifter, sa direktør Simen Markussen ved Frischsenteret på eit arrangement i regi av Polyteknisk Forening tysdag.
– For enkelt å utvide rammene
Skatt har den siste tida vore høgt på dagsordenen i det offentlege ordskiftet. I valkampen i haust blei formuesskatten ei av dei viktigaste sakene, og mange tok til orde for at han måtte reduserast kraftig eller fjernast heilt. Det samla skattetrykket har òg vore gjenstand for debatt – og det er store usemjer om skattesystemet vårt er godt nok.
Markussen trur vi må belage oss på at skattane skal opp.
– Eg trur òg vi må førebu oss på at vi skal auke skattane. Men målet må jo vere at vi skal auke dei så lite som mogleg. Då må vi bli flinkare til å bruke ressursane i offentleg sektor meir effektivt og betre, seier direktøren til Nynorsk pressekontor.
Han utdjupar:
– Vi må klare å ha eit kritisk blikk på offentleg pengebruk. Eg meiner ikkje at vi sløsar med statlege midlar, men det har kanskje vore litt for enkelt å gjere opp budsjettforhandlingar med å utvide rammene litt heile tida, seier han.
Utfordrande å kutte
Markussen er heilt klar på at det kjem til å bli utfordrande å kutte i pengebruken.
– Eg trur det viktigaste vi kan gjere er å tenke stort i trygde-, inkluderings- og sysselsettingspolitikken. Framskrivingane viser at vi treng arbeidskraft. Då vil det gi store økonomiske gevinstar både for det offentlege og for samfunnet å klare å få fleire folk i jobb. Auka deltaking vil ha betydelege samfunnsgevinstar.
I etterkant av valet i haust har skatt halde fram med å prege norsk politikk. Finansminister Jens Stoltenberg har lansert det såkalla skattelotteriet der ein ønskjer å gi rundt 100.000 tilfeldige nordmenn som er fødde mellom 1991 og 2006, skattelette viss dei har ei årsinntekt mellom 120.000 og 345.000 kroner. Same mann håpar òg å få til eit tverrpolitisk skatteforlik på Stortinget.
– Kunne ein sett for seg liknande tiltak for offentleg pengebruk?
– Tenker du på ein slags offentleg vismanns-kommisjon? Det trur eg vil vere vanskeleg å få til. Korleis skal ein klare å sette saman ein gjeng som skal vere allvitande på alle samfunnsområde, og på den måten finne ut kvar det er mest lønnsamt å kutte, spør Markussen retorisk.