nyhende

– Det er ein ting å tenkje på at dette er trasig for meg. Men å tenkje «Kva kan eg bety for nokon andre no?», kan ofte vere det som gir mitt liv ei anna meining òg, seier Olav Fykse Tveit, biskop og preses i Bispemøtet. Foto: Bo Mathisen
– Det er ein ting å tenkje på at dette er trasig for meg. Men å tenkje «Kva kan eg bety for nokon andre no?», kan ofte vere det som gir mitt liv ei anna meining òg, seier Olav Fykse Tveit, biskop og preses i Bispemøtet.

— Vi kan prøve å oppmuntre kvarandre

Biskop og preses Olav Fykse Tveit beskriv ein koronatrøyttleik i samfunnet der det er vanskeleg for mange å ta noko initiativ. – Men vi kan prøve å oppmuntre kvarandre. Det kan bety noko, minner han om.

Publisert Sist oppdatert
Olav Fykse Tveit vart vigsla som biskop og preses i Bispemøtet i Den norske kyrkja 25. mai 2020. Det var første søndagen etter at landet «stengde ned» i mars at det var lov med gudsteneste i det heile.

Til vanleg ville heile den majestetiske Nidarosdomen vore full med gjester frå heile verda. Men i staden var det 25 personar til stades, alle plasserte med koronatrygg avstand og dessutan koret og den tekniske staben til NRK. Fordi NRK var til stades, fekk han likevel nådd ut til mange med det han hadde på hjartet.

Store delar av det halvtanna året etter har han til liks med mange jobba heimanfrå, isolert frå omverda.

– Det har falle saman med pandemien. Utfordringar andre har hatt, har eg òg hatt. Det som har vore litt krevjande, har vore å skulle gå inn i leiarrolla og ikkje møte folk, når eg i tillegg kjem utanifrå. Eg hadde håp om å komme ut til alle bispedømma det første året. Eg har hatt ambisjonar om å møte mange andre, men det har ikkje vore mogleg, fordi vi stort sett har sete på heimekontor.

– Men trass i avgrensingane har eg følt meg veldig velkommen. At både folk i og utanfor kyrkja ønsker kontakt og samarbeid når vi har fått høve til å møtast, seier han.

Kyrkja er i verda

Før vigslinga hadde han vore leiar i Kyrkjenes verdsråd i ti år, med kontor i Genève. Der samarbeidde han med kristne frå heile verda om internasjonale spørsmål.

– Eg kjem frå ein global kyrkjesamanheng der det er veldig mange tema som kyrkjene må slåst med og ta stilling til – som fattigdom, klimautviklinga og rasisme i veldig mange land, saker som går på menneskeverd og vilje til å anerkjenne kvarandre.

– Desse mange store utfordringane i vår tid må kyrkja ta stilling til, det gjeld grunnleggande spørsmål i vår kristne tru. Kyrkja er i kyrkjerommet, men kyrkja er òg i verda. Det er ein viktig del av min ballast og mi orientering. Det er viktig at vi i Noreg òg er litt bevisste på at vi er ein del av verda utanfor, men verda er også i Noreg, seier han.

Heimekontor

På eitt tidspunkt på heimekontor tok Tveit seg sjølv i å tenkje «eg sit jo her, og det var ingen som tok kontakt i dag heller». Sjølv om han eigentleg er ein person som har mange relasjonar både offisielt og som privatperson.

– Mi erfaring da eg kom utanifrå – midt i ein pandemi, er at det er lett å bli litt innkapsla i seg sjølv. Vi kunne kanskje ha gjort det eine og det andre, men veit ikkje om vi har initiativ til å ta ein ekstra telefon eller skrive ein ekstra mail. Det er ein slik trøyttleik som når oss alle, ein fatigue. Også ein psykisk fatigue, seier Tveit.

– Den erfaringa var det viktig at eg gjorde, fordi eg trur det er ei erfaring mange har gjort seg. Vi blir ikkje stimulerte av møte og sosial omgang som vi har glede av til vanleg.

I den situasjonen kan vi prøve å oppmuntre kvarandre og det kan bety noko, minner han om.

– Det kan vere å ta kontakt med nokon og ha ein god samtale om ver og vind, men òg kanskje om ting ein føler på som ein ikkje snakkar om med alle. Det kan også bety noko veldig positivt for oss sjølve, å merke at det faktisk betydde noko.

– Ein kan vere merksam på kven som kan vere avhengig av at eg tar initiativet. Andre kan tenkje – kan eg ta initiativ til det, dei har jo sin familie. Men kanskje er det eg som skal ta initiativet.

– Ein skal iallfall ikkje undervurdere det, det er mi erfaring. Det betyr meir enn ein trur, uansett kva måte ein kan få til. Nokon kan du få til å møte, det er ikkje heilt låst, seier han.

Kva kan ein trass alt få til

For nokon kan ei jul med sosiale avgrensingar bety at ein faktisk får meir tid saman, fordi ein ikkje skal så mykje anna. Samtidig er det kanskje endå fleire enn til vanleg som kjem til å vere åleine eller kjenne seg åleine i jula.

– Det er ein felles situasjon i dette som går på at vi føler det er tungt alle saman. Men for nokon er det tyngre, og det skal vi vere merksame på. Både i forhold til usikkerheit rundt arbeid og økonomi, men for nokon er det òg tyngre at ein må kutte ned på det sosiale livet.

– Vi blir meir sårbare i jula – då kjenner vi kanskje på meir enn det vi tenker på til dagleg. Med jula hugsar vi det vi ikkje har, dei som har blitt borte og det som har gått i stykke.

– Det er viktig å vere ærleg med seg sjølv og la dei følelsane få lov å vere der òg. Å få snakke om dei og få lov å gråte litt. Det kan vere godt for mange. Vi kjem ned på det basale i livet. Kva er mine relasjonar?

Open kyrkjedør

Mange prestar og diakonar har fortalt at dei merkar at folk i lokalmiljøet har og har hatt det tungt i koronatida, fortel Tveit. Under førre nedstenging hadde ein av prestane annonsert at iallfall ein dag i veka sat ho tilgjengeleg i kyrkja i nokre timar for samtale for kven som måtte ønske. Kyrkjedøra var open òg. Ei i soknerådet fortalde Tveit at ho trudde det hadde berga liv for nokon.

– Da det nesten ikkje var anna ein kunne gjere, var kyrkja trass alt ein stad der ein kunne snakke med nokon. Vi såg òg eit aukande behov for at vi heldt kyrkja open og at ein kunne komme inn og tenne lys sist det var stengt, seier Tveit.

– Kyrkja i dag har mange utfordringar, men også mange moglegheiter. Pandemien viser òg at kyrkja betyr ganske mykje for folk lokalt. Både kyrkjehuset, men òg det kyrkja er og formidlar, det at ein kan ha dåp, konfirmasjon og gravferd, sjølv om det er avgrensa kor mange som kan delta. Ein ser at det er det som speler ei rolle i liva til folk, som betyr noko.

Annan dimensjon ved livet

Han trur det er viktig at kyrkja legg til rette for at det er eit rom også fysisk der folk kan oppleve ein annan dimensjon ved livet, både i glede og sorg.

– Det er mange spørsmål som stikk litt djupare enn kva meiner du akkurat no. Kva er min tilhøyrsel, kva er det som beveger meg til å ta dei store vala i livet, kva er godt og kva er gale. Det å vere lokalt der mennesket er, er eit veldig tydeleg uttrykk for å vere til stades i folks liv, seier han.

Sjølv om det no er sosiale avgrensingar, prøver Tveit å sjå moglegheitene.

– Om det er plass til berre femti på ein gong under ei gudsteneste, då kan femti vere der. Kanskje vi kan få til fleire julegudstenester i staden for berre ei. Samtidig har vi òg fått meir digital kompetanse, og kan ha høve til å strøyme gudstenester.

Julebodskapet

– Ein måte å seie julebodskapet på i ei setning, er jo at Gud kom til oss som eit lite barn. Det er ein bodskap om at Gud vil ha relasjonar til oss, at ikkje vi skal vere åleine i verda.

– I det oppfordrar òg Gud oss til å bygge desse kjærleiksrelasjonane der vi bryr oss om kvarandre. Dette eksempelet at Gud kjem til oss i eit sårbart lite barn, er også ei oppmoding til oss om å vise denne kjærleiken til kvarandre.

– For meg er kanskje det essensen i åndelegheit. Denne bodskapen om at Gud elskar oss, Gud bryr seg om oss – og difor skal vi også prøve å vise det til kvarandre, seier Tveit.

(©NPK)

O– Ein måte å seie julebodskapet på i ei setning, er jo at Gud kom til oss som eit lite barn. Det er eit bodskap om at Gud vil ha relasjonar til oss, at ikkje vi skal vere åleine i verda. Det er også ei oppmoding til oss om å vise denne kjærleiken til kvarandre, seier biskop og preses Olav Fykse Tveit.
– Noko ein òg kan gjere, er å halde kyrkja fysisk open og at folk kan komme inn og tenne lys. Vi såg eit aukande behov for det sist det var stengd, seier Olav Fykse Tveit.
Powered by Labrador CMS