nyhende

Billy Roy Økland.FOTO: PRIVAT
Billy Roy Økland.

— Vi fekk 25 øre kvar gong me opna porten for brødbilen

Billy Roy Økland er denne vekas gjest i spalta «— Hei, sveibu!».

Publisert Sist oppdatert

— Kva gjer du til dagleg?

— Jobbar som biletkunstnar, og som beredskapsheim. Det er ein stor rikdom å få bety noko i andre mennesker sitt liv, både i form av bilete og å vere til stades.

— Kva er det beste med å vere sveibu?

— Å få nyte den fantastiske naturen og alle dei magiske solnedgangane i vest!

— Er det noko du saknar i Sveio?

— Ein arena eller møtestad for utøvande kunstnarar, til dømes biletkunstnarar, musikarar eller forfattarar. Kor ein kan møtast i blant for å utveksla idear og erfaringar.

— Kva er ditt beste Sveio-minne?

— Frå barndomen, då bakar Ottesen kom med rykande ferske brød og bollar på døra. Og vi fekk 25 øre kvar gong me opna porten for brødbilen.

— Kven i Sveio vil du framsnakke, og kvifor?

— Eg vil hylla heimesjukepleien som gjer ein fantastisk jobb. Dei har vore og er til stor hjelp og støtte!

Powered by Labrador CMS