nyhende

Vestlendingane skuldar minst

Blant dei 20 kommunane med lågast forbruksgjeld i heile landet, finn me 10 kommunar i Vestland. Det trur ikkje økonomiprofessor Ola Grytten er tilfeldig. – Vestlandet har ein lang puritansk tradisjon, konstaterer han.

Publisert Sist oppdatert

Kommunane med minst gjeld per hovud

Topp 20 kommunar med lågast samla renteberande forbruksgjeld (snitt per innbyggjar). Renteberande, usikra forbruksgjeld omfattar nedbetalingslån (forbrukslån og anna usikra gjeld), forfalle rammekreditt (kredittkort) og forfalle faktureringskort (betalingskort). Det er denne forbruksgjelda som gir låntakarane særleg høg rentebelastning.

Fylke – kommune – snitt per innbyggjar

  • Møre og Romsdal: Volda – 14.647
  • Vestland: Luster – 14.789
  • Vestland: Modalen – 15.461
  • Innlandet: Vågå – 15.782
  • Trøndelag: Lierne – 16.411
  • Vestland: Solund – 16.521
  • Trøndelag: Tydal – 16.558
  • Vestland: Sogndal – 16.592
  • Trøndelag: Osen – 17.119
  • Nordland: Hattfjelldal – 17.142
  • Vestland: Gloppen – 17.553
  • Innlandet: Lom – 17.587
  • Trøndelag: Snåsa – 17.616
  • Vestland: Bremanger – 18.065
  • Vestland: Kvam – 18.236
  • Vestland: Hyllestad – 18.499
  • Vestland: Ulvik – 18.667
  • Trøndelag: Høylandet – 18.687
  • Møre og Romsdal: Vanylven – 18.873
  • Vestland: Stryn – 18.973

– I Finnmark er forbruksgjelda per hovud i snitt 35 prosent høgare enn i Agder. Det er ein overraskande stor skilnad i eit land der det meste elles er likt, seier økonomiprofessor Ola Grytten, når me presenterer han for ei fersk oversikt som Gjeldsregisteret AS har utarbeidd for Nynorsk pressekontor.

At nordmenn generelt brukar mykje pengar er ikkje nytt. Det var difor det sentrale Gjeldsregisteret vart oppretta i 2019; for å gje bankar og finansføretak betre oversikt over kreditt -og forbruksgjelda vår – og med det redusere den samla gjeldsgrada til nordmenn.

Frå 2020 til 2022 vart då også forbruksgjelda redusert. Ikkje berre fordi utlånsreglane vart stramma inn, men også grunna covid og eit generelt større måtehald. Sistnemnde ser det ut til at me har lagt bak oss. I fjor peika pila nemleg oppover på nytt og førte oss tilbake til inngangen til 2020-nivå. Samla har me nordmenn no nær 160 milliardar kroner i forbruksgjeld.

Skuldar trippelt

Storleiken på den kostbare gjelda er ein ting, seier Ola Grytten – men han er altså meir overraska over dei påfallande geografiske skilnadene. I Gamvik kommune i Finnmark hadde til dømes dei 1.054 innbyggjarane ei gjennomsnittleg samla forbruksgjeld på 65.210 kroner. Samla forbruksgjeld inkluderer også forbruksgjelda som enno ikkje er forfalle til betaling (såkalla ikkje-renteberande gjeld).

I den andre enden av kommuneskalaen finn vi Luster i Vestland med vel 5.200 innbyggjarar. Ifølgje berekningane frå Gjeldsregisteret har lustringane i snitt 18.120 kroner i samla forbruksgjeld. Innbyggjarane i Gamvik har altså i snitt 3,5 gonger så mykje.

I Gamvik kommune i Finnmark hadde dei 1.054 innbyggjarane ei gjennomsnittleg samla forbruksgjeld på 65.210 kroner i fjor. Det er 3,5 gonger så mykje forbruksgjeld som folk i Luster har. Her frå Mehamn.

Til TV 2 har Ap-ordføraren i Gamvik tidlegare mellom anna forklart gjeldstala med at finnmarkingane historisk sett har hatt lite eigenkapital og er vane med å måtte låne pengar til alt frå bustad, bil, skuter og ferieturar. Ho påpeikte også at marknadsverdien på bustader i Finnmark er låg, og at det difor er vanskeleg å få lån med sikkerheit i eigen bustad.

Økonomiprofessor Ola Grytten trur derimot tala først og fremst viser at nordmenn legg ulik vekt på kor viktig det er å ha minst mogleg kostbar gjeld:

– Eg har sett gjeldstala opp mot inntektsstatistikk frå SSB. Det er ingen tydeleg samanheng mellom inntektsnivå og forbruksgjeld, men det er ein viss samanheng mellom inntektsnivå og kor stor del av inntekta forbruksgjelda utgjer. Ein ser heller ikkje like høge gjeldstal i Troms og Nordland som i Finnmark. Finnmarkingane har jo også rimelege bustader.

Arvar haldningar

At det no er den renteberande forbruksgjelda som stig mest, er særleg skremmande, seier Grytten.

Renteberande forbruksgjeld er forbruksgjeld som alt har forfalle til betaling. Det er den som er den «farlege» gjelda, og som gjer låntakarane ekstra sårbare for eit krakk eller ei skikkeleg krise.

Ser ein på kommunane med lågast samla renteberande forbruksgjeld, er det Volda i Møre og Romsdal som kan skilte med minst gjeld og 14.647 kroner per hovud. Vestland følgjer like bak, med Luster på andreplass (14.789 kroner) og Modalen (15.461 kroner) på tredje.

Samla er det faktisk 10 vestlandskommunar på lista over dei 20 kommunane med minst gjeld. Jamt over syner også gjeldstala at det er fylka Vestland, Møre og Romsdal og Agder som har minst forbruksgjeld.

Det trur ikkje økonomiprofessoren frå Ålesund er heilt tilfeldig:

– Her handlar det kanskje om haldningar til å det ha gjeld. Desse tre fylka har ein lang puritansk tradisjon der måtehald har vore høgt verdsett. Eg ser ikkje bort frå at dei negative haldningane til det å ha gjeld framleis blir nedarva, og i større grad enn ein har trudd, seier Grytten.

Privat næring

Nedarva haldningar kan i så fall forklare noko av at dei geografiske skilnadene også er godt synlege blant unge vaksne mellom 18 til 29 år. Fylkesvis er det dei unge i Vestland som har minst forbruksgjeld, med eit snitt på 9.680 kroner per hovud. I Finnmark startar dei unge vaksenlivet med dobbelt så mykje forbruksgjeld med eit snitt på 14.780 kroner.

For å vurdere soliditeten i økonomien til folk, må ein sjå på inntekt opp mot heile gjeldsportefølgja, forklarar Ola Grytten, professor i økonomi ved Noregs handelshøgskole i Bergen.

Det er også i Finnmark at den gjennomsnittlege, samla forbruksgjelda per innbyggjar over 18 år er størst med 41.000 kroner i snitt per hovud. I Agder, der snittgjelda er aller minst, skuldar dei 10.000 mindre per hovud, med 30.600 kroner i snitt. Vestlendingane har nest minst gjeld av alle fylka, med 31.84 kroner i usikra gjeld per innbyggjar over 18 år.

Ola Grytten er tydeleg på at statistikken korkje fortel noko om årsak eller motiv. Han kastar difor fram nokre fleire moglege forklaringar på kvifor forbruksgjelda i dei vestlege og sørlege fylka er lågare enn elles i landet:

– Kanskje er dei som innvilgar kreditt meir forsiktig i desse områda? Eller er det ein korrelasjon mellom offentlege arbeidsplassar og forbruksgjeld – og at folk i fylke med konkurranseutsett næringsliv er meir forsiktige med å ta opp forbrukslån? Vestland har mykje privat næringsliv og – med unnatak av Bergen og Stavanger – lite offentlege arbeidsplassar. Sunnmøre, Agder og Rogaland har alle svært få offentlege arbeidsplassar og er avhengige av solide verksemder. Samtidig ser me at alle desse områda har låg forbruksgjeld. Her kan det rett og slett ha danna seg ein kultur for forståing av at forbruksgjeld sjeldan er ein god ting.

Den forståinga meiner Grytten me alle bør ha:

– For å vurdere soliditeten i eigen økonomi, må ein sjå på inntekt opp mot heile gjeldsportefølgja. Det er likevel ein god tommelfingerregel å halde den dyre forbruksgjelda så låg som mogleg.

Kommunane med mest gjeld per hovud

Topp 20 kommunar med høgast samla renteberande forbruksgjeld i kroner (snitt per innbyggjar).

Fylke – kommune – snitt per innbyggjar

  • Finnmark: Gamvik – 59.051
  • Nordland: Værøy – 56.265
  • Finnmark: Hasvik – 51.053
  • Trøndelag: Frøya – 50.652
  • Akershus: Nannestad – 50.554
  • Troms: Gratangen – 49.672
  • Finnmark: Vardø – 44.720
  • Trøndelag: Namsskogan – 44.069
  • Finnmark: Båtsfjord – 43.227
  • Finnmark: Loppa – 43.130
  • Akershus: Ullensaker – 42.876
  • Troms: Lavangen – 42.600
  • Akershus: Aurskog-Høland – 42.473
  • Finnmark: Nesseby – 41.837
  • Troms: Tjeldsund – 41.251
  • Akershus: Eidsvoll – 41.075
  • Agder: Bygland – 40.975
  • Innlandet: Åsnes – 40.831
  • Nordland: Bø – 40.574
  • Troms: Skjervøy – 40.385
Powered by Labrador CMS