nyhende

Vestlandsk palmesus

Det byrja med eit frø i Hellas. No har politimannen i Ålesund over 50 palmer i hagen – og ein importør av eksotiske planter på hurtigtast på mobilen.

Publisert Sist oppdatert

PALMEEKSPERTEN: – MANGE ROBUSTE

Det finst 2500 palmeartar. Mange av dei er små og har liten eller ingen stamme. Det som kjenneteiknar ein palme, er at han berre har eit vekstpunkt, det såkalla palmehjartet, som det veks store blad ut frå, fortel Finn Ervik, som har doktorgrad i tropisk botanikk.

Dei fleste palmer likar fukt så lenge det er god drenering. I Ålesund blir det nok sjeldan for tørt, seier botanikar og palmeekspert Finn Ervik. Foto: Privat / NPK

Han er tilsett ved Naturhistorisk museum i Oslo der dei har eit palmehus frå 1868. Akkurat no blir det nytta til andre tropiske planter, men dei jobbar iherdig for å skaffe finansiering til eit nytt veksthus der det skal bli regnskogmiljø med store palmer.

Dei fleste palmar veks nemleg i tropisk regnskog der det er rundt 22 grader om natta og 26–27 grader om dagen. Men det finst og mange palmer som er mykje meir robuste, fortel han:

– Ein god del palmer kan tole minus tjue ei kort stund, men lange og kalde vintrar, det fiksar dei ikkje. No som klimaet blir mildare, kan ein sjølvsagt tenkje seg at det vil vera mogleg å dyrke fleire palmeartar også her heime. Men samstundes blir jo også vêret meir ustabilt, og det er det slett ikkje alle palmer som likar. At det kjem meir regn, er derimot ikkje så farleg så lenge det ikkje går ut over temperaturen og talet på soltimar. Dei fleste palmer likar fukt så lenge det er god drenering. Og i Ålesund blir det nok sjeldan for tørt.

Palmedyrkarar i Noreg har i det heile nok av utfordringar, vedgår han:

− Dei fleste palmer er robuste for vind, men om vinden kjem saman med kulde, har dei lite å respondere med. Den effektive kulda blir jo mykje kaldare når det blæs. I tillegg til langvarig kulde, er det først og fremst dette som avgrensar kor mange artar som kan dyrkast her.

Også i Botanisk hage har dei planar om å dyrke palmer utomhus på sikt. Då kjem dei til å satse på vindmøllepalmen Trachycarpus fortunei og slektningen Trachycarpus takil, fortel Ervik:

− Vindmøllepalmen toler minus tjue i korte periodar, og er i tillegg ein art som toler kjølige somrar. I sum gjer det han til den palmen som er mest hardfør og har best føresetnader i Noreg. Dei fleste andre palmer må ein ta inn om vinteren, men vindmøllepalmen kan kanskje klare seg ute om han blir dekka til.

− Den fortuneien der, den er eg litt spent på til vinteren. Her ute kjem jo orkanane kast i kast, og storleiken gjer det vanskeleg å pakke han skikkeleg inn.

Sindre Molnes humrar og peikar mot den siste investeringa i hagen; ein fleire meter høg Trachycarpus fortunei , eller vindmøllepalme, som arten gjerne blir kalla. Sjølv om klimaet i Ålesund er klassifisert som både varmt og temperert og det her på Hessa er ein årleg snittemperatur på 8,5 grader, er ikkje palmer utomhus noko kvardagssyn.

− Eg er mest spent på kor godt blada vil tole vindkasta, for at han overlever, det er eg heilt sikker på. Noko anna ville overraske meg, seier Sindre overtydd.

To år etter at draumen vart sådd på ei gresk strand, starta Sindre Molnes å dyrke sine eigne palmer i glaskarmen. No har han skapt sitt eige tropiske paradis. Her ventar han på sola under vindmøllepalmen Trachycarpus fortunei.

Det første frøet

Frøet til Sindres draum om palmesus vart sådd på ei strand i Hellas for tjue år sidan. Der, under knallblå himmel og ei svaiande, grøn vifte som skugga akkurat passe mykje for sola, kjente han på ein sterkt lengt: «Tenk, å kunne ha det slik heime!».

Kona Marita ler litt av hobbyen til ektemannen: − Mange femti år gamle menn vil ha unge damer og sportsbil. Sindre vil berre ha ein stor palme i hagen, så det kunne jo vore verre! I bakgrunnen ruvar ein Yucca gigantea, som ikkje er hardfør nok til å bu ute.

Det var først eit par år etterpå, då han og kona Marita flytta attende til Ålesund og bygde nytt hus på øya lengst vest i kommunen, at Sindre tinga dei første fysiske palmefrøa frå ein eksotisk nettbutikk. Han hadde ingen plan og handla berre det han syntest var fint. Dei første åra var det nemleg heilt uaktuelt å kjøpe noko som var ferdig dyrka:

− Eg ana ikkje kva eg dreiv med. Noko vaks som ugras, andre ting døydde med ei gong eg planta det ut. Men den eldste palmen eg har sådd frå frø, er ein 11 år gammal Chamaerops humilis , seier Sindre, og nikkar mot baksida av huset, der dvergpalmen framleis vaiar i vinden.

Denne Chamaerops humilisen treivst godt i fleire år – før han vart misfarga og tok til å krympe. No har Sindre nett skore vekk over halve den rotne stammen, og konstaterer at sideskota ser friske og fine ut.

I ettertid har han også lese at arten kan tole kortvarige temperaturar ned mot −12 grader. For det er stort sett slik han har jobba, Sindre; først og fremst ved å prøve og feile sjølv.

Han visste difor heller ikkje at klimaet på denne kanten av landet kanskje er spesielt gunstig for nettopp palmer. Galningar får det jo til mange andre plassar også, påpeikar Sindre, og viser til at det finst folk som dyrkar palmer på Island. Palmer er heller ikkje noko uvanleg syn i Vancouver i Canada og i Seattle i USA, som òg har klima som liknar på det norske.

Kler kulda ute

I dag har Sindre ein stad mellom 50 og 60 eksotiske vekstar i hagen. Rundt 30 av dei er planta rett i bakken. I teorien betyr det at dei må tole ned mot 10 kalde om vinteren, og somrar med 13–14 varme. I praksis er vintrane likevel snillare her på Hessa enn andre plassar i kommunen. I år noterte Sindre 6 minus på det kaldaste. Snø moka han ikkje ein, einaste gong:

− Vi har veldig milde vintrar akkurat her − det kan faktisk skilje mellom 8–10 grader mot andre plassar i byen. Samstundes er det jo ikkje berre kulda palmene ikkje toler. Vinden, alt regnet og kjølige somrar er ei like stor utfordring. Hadde vi hatt Oslo-temperatur om sommaren, hadde det verkeleg vore perfekt.

Yucca gloriosa er svært kuldeherdig og toler regn ganske godt. Denne står ubeskytta året rundt.

Somme palmer står i krukker, og somme av dei flyttar han inn og ut for å herde dei. Andre lever heile livet ute og blir pakka inn i ulldekke når kulda kjem krypande. Sindre tingar framleis frø som han sår inne før han plantar ut, men har også blitt på fornamn med tilsette på hagesentera rundt om. I tillegg har han og to andre palmeentusiastar i byen etter kvart fått direkte kontakt med somme av importørane, avslører han, medan han viser veg i dei små gangane rundt plenen.

Ein Butia capitata skal snart i jorda. Med litt vern mot kulda, trur Sindre han vil tole vinteren.

Tidleg avduking

− Det der er ei Yucca gloriosa utan stamme, og det er ein dvergpalme; ein Chamaerops humilis , forklarar han, medan han stegar rundt i beda.

− Og der har du ein Cycas revoluta , ja, og dette er ein Yucca gloriosa wariegata.

Innimellom forsvinn han inn og ned mellom nokre blad, der han finn att tusjmerket han sette tidlegare i år for å sjå kor mykje kvar plante har strekt seg. Bortimot ti centimeter, konstaterer Sindre nøgd, i det han dukkar ut att frå bladverket på ein chilensk vinpalme ( Jubaea chilensis ).

Midt på plenen står ein chilensk vinpalme (Jubaea chilensis). Han kan tole -18 i korte periodar, men til så lenge har Sindre bygd eit hus han trer over vinterstid. Palmer er generelt lite kresne, og veks fint i jord godt utblanda med sand, grus og pukk. I botnen av planteholet har han større steinar for å sikre god drenering.

Den har heidersplassen midt på plenen:

− Dette er ein av dei finaste og mest eksklusive palmane i verda. Han er veldig vindherdig og kuldeherdig, men er dessverre blitt litt svidd i tuppane, sjølv om eg bygde eit eige hus til han i vinter. Då eg pakka han ut i februar var han heilt fin, men i mars var det så sinnssjukt mykje vind at det nesten regna oppover. Det er jo kombinasjonen av regn og vind og kulde som avgjer, forklarar Sindre.

Han viser til erfaringane til dei to andre palmeentusiastane med den same planta. Trioen spesialimporterte vinpalmen samstundes, og pakka han og ut på same tid. Ein var heilt fin, og ein annan som hadde stått meir ubeskytta, var endå meir skadd enn Sindre sin. Neste år kjem alle tre til å drøye avdukinga.

− Eg er framleis ein superamatør, som har litt meir peiling enn andre amatørar. Dei andre to, Thomas som er overlege i psykiatri og Preben som er eigedomsmeklar, er meir boklærde enn meg, så me støttar oss på kvarandre. Det er no uansett herleg å ha noko heilt anna å driva med på fritida, seier Sindre, som sjølv er politimann av yrke.

Sindre sjekkar ein Jubaea chilensis (chilensk vinpalme), som han har dyrka fram frå frø sidan 2017.

Særkullsbarn

Sindre veit ikkje heilt kva det er med palmene som triggar han, men vedgår glatt at han aldri kunne mobilisert den same entusiasmen for roser eller andre blomar. Palmer er både macho og kult, konstaterer han og ler:

− Eg får litt kjeft, for når eg vatnar planter inne, vatnar eg mine eigne palmer og gløymer blomane til kona. Ho kallar berre palmene mine for særkullsungane. Dei får alt dei treng av stell, medan dei andre ikkje får noko.

No har han sett seg på huk framfor ein amputert dvergpalme som står utsett til på pynten i hagen. Trass i at palmen ikkje er av dei mest hardføre, vaks og treivst han godt i fleire år. Så vart han misfarga og tok til å krympe. Nyleg kutta Sindre difor bort over halve stammen. Under alt det rotne, var det ein grøn og fin kjerne.

Favorittpalmen hans står nede ved oppkøyrselen. Det er ein Trachycarpus wagnerianus.

− Han kan bli seks meter høg, elskar regn, toler sterk vind og temperaturar ned til -15. Ein heilt perfekt vestlandspalme! oppsummerer Sindre.

Favorittpalmen til Sindre er ein Trachycarpus wagnerianus. Den kan bli seks meter høg, elskar regn, toler sterk vind og temperaturar ned til -15. − Ein perfekt vestlandspalme, seier Sindre.

Mykje vil ha meir

På vegen kastar han endå eit stolt blikk mot den største palmen av dei alle, fortuneien , som altså er den siste tilveksten i hagen. Sindre såg han på eit hagesenter på Austlandet då han var på familiebesøk for nokre år sidan. Då hadde palmen ein pris på 50.000 kroner. Det var sjølvsagt heilt uaktuelt. I år fekk Sindre rapport frå det same familiemedlemmen om at prislappen var fjerna.

Då såg han sitt snitt. Kortversjonen er at han fekk kjøpe palmen for 5000 kroner − og − at transporten til Ålesund kosta ein god del meir.

Frå godstolen i stova vedgår han at han allereie har drøymt om ein til av same slaget.

− Du blir jo litt stormannsgal når du først er i gang. Thomas, som er overlege på psykiatrisk, pleier å fleipe med at vi sikkert burde blitt innlagt alle saman. For det går jo ein del pengar og tid. Samstundes har eg vel snart ikkje plass til så mykje meir. Og eg synest jo hagen er fin som han er no, seier han i det mobiltelefonen ringjer.

Det er palmeimportøren, sjølvaste Palme-Johnny, som Sindre kallar han. Snart haglar det med latinske plantenamn og det som vitterleg liknar på nye bestillingar gjennom røyret:

− … Mm …Men om du har nokre svære wagnerianusar , er det meir interessant. Thomas vil forresten berre ha ein Jubaea til, seier Sindre etter ei stund.

Han gliser inn i røyret:

− Men Preben og eg vil mest av alt ha nokre skikkeleg svære fortuneiar . Ja, og eventuelt ein Capitata då, som du kan hive med på lasset.

Powered by Labrador CMS