nyhende

FOR ALLE: I Vestland ligg mange av dei statleg sikra friluftsområda i strandsona og er såleis ekstra viktige for å sikre tilkomst og opphald for allmennheita der.(Foto: Magne Sandnes/Vestland fylkeskommune)
FOR ALLE: I Vestland ligg mange av dei statleg sikra friluftsområda i strandsona og er såleis ekstra viktige for å sikre tilkomst og opphald for allmennheita der.(

Vestland vil ha meir pengar til staleg sikra friluftsområde

Publisert Sist oppdatert
NPK: I ei pressemelding frå Vestland fylkeskommune kjem det fram at kommunar og friluftsråd i år søkte Vestland fylkeskommune om 15,2 mill. kroner til tiltak i statleg sikra friluftsområde. Fylkeskommunen hadde 4,26 mill. å dele ut. No ber fylkesutvalet staten om meir pengar.

Fylkeskommunane får kvart år ein sum frå Klima- og miljødepartementet til tiltak i statleg sikra friluftsområde. Frå 2017 og fram til i dag har gapet mellom faktisk behov og statlege midlar auka. Tal frå Friluftsrådenes Landsforbund syner at løyvinga i statsbudsjettet har gått frå ned 45 mill. kroner i 2017 til 32,6 mill. kroner i 2022.

«Dei statleg sikra friluftsområda er svært viktige for friluftsliv, båtliv, bading, ja, for rekreasjon generelt. Mange av dei er også drifta av friluftsråda, som gjer ein svært viktig jobb for fellesskapet på dette området. Ja, vi treng dei statlege sikra friluftsområda. Dei er for alle, og dei er veldig ofte nær der folk bur. Men om folk skal kunne bruke dei, treng vi pengar til tilrettelegging og skjøtsel. Når gapet mellom reelt behov og tilgjengelege midlar blir for stort, må vi gjere noko», seier fylkesordførar Jon Askeland i pressemeldinga.

Fylkesutvalet vedtok ei fråsegn der fylkeskommunen ber om auka tildeling til tiltak i statleg sikra friluftslivsområde i møtet 1. juni.

Statlege sikra friluftsområde er område det offentlege forvaltar, anten ved kjøp eller avtale om bruksrett. Områda skal sikre at det er gode friluftstilbod over heile landet og nær der folk bur, slik at alle kan ta del i friluftslivet. Staten har bidrege til at områda er sikra for allmenta, og det er kommunar og friluftsråd som driv skjøtsel og tilrettelegging.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS