nyhende

Universitetet i Bergen er blant dei som får tilskot frå Vestland fylkeskommune. Foto: Marit Hommedal / NTB / NPK
Universitetet i Bergen er blant dei som får tilskot frå Vestland fylkeskommune.

Vestland fylkeskommune har løyvd pengar til berekraftig verdiskaping

Til saman 17,7 millionar kroner er delt ut til 19 utviklingsprosjekt gjennom tilskotsordninga Berekraftig verdiskaping 2025.

Publisert Sist oppdatert

– Det er inspirerande å sjå kor mange gode prosjekt som arbeider målretta for å utvikle eit grønare og meir inkluderande Vestland. Desse midla gjev fart til framtidsretta løysingar over heile fylket, seier Sigrid Brattabø Handegard, leiar for hovudutval for næring i Vestland fylkeskommune på nettsidene til fylkeskommunen.

Tildelinga vart gjort i hovudutvalet onsdag denne veka. Med tilskotsordninga ønsker fylkeskommunen å bidra til å få fram nye idear og løysingar for berekraftig verdiskaping.

Totalt kom det inn 51 søknadar, der 46 av dei blei godkjent og vurdert. Til saman vart det søkt om 46,8 millionar kroner. Interessa og ambisjonsnivået i prosjekta er høge.

– Prosjekta vi støttar viser korleis næringslivet i Vestland klarer å tenkje nytt med utgangspunkt i det vi allereie er gode på. Det gir både grobotn for nye næringar og styrkar dei vi har frå før, seier Handegard.

Av dei innsende søknadane om tilskot er det desse 19 prosjekt som får til saman 17,7 millionar kroner i støtte:

  • Atheno – Industriell grøn omstilling og konkurransekraft med kunstig intelligens: 1.329.800 kroner
  • Osterøy kommune – Omsorg+: Verdiskapingssymbiose helse/teknologi/bygg: 995.000 kroner
  • Universitetet i Bergen – Mikroemnepakke innan berekraft og klima: 1.500.000 kroner
  • Region Sunnhordland IKS – Regenerativt reiseliv Sunnhordland: 567.375 kroner
  • NCE Finance Innovation – Bank for alle – Digital inkludering: 700.000 kroner
  • Høgskulen på Vestlandet – Y-veg innan elektroteknologi: 799.400 kroner
  • Hardanger og Voss Næringshage – Grøn mobilitet – Regionalt utviklingsprosjekt for grøne reiser i Vestland: 1.500.000 kroner
  • Hub for Ocean / Ocean Hyway Cluster – Green Maritime Energy Station: 335.000 kroner
  • Hub Yrkesfag – Meistringsskulen: 1.900.000 kroner
  • Proptech Innovation – Betong-lego: Oppsirkulering av betong: 654.450 kroner
  • Startuplab – 2030 Ocean: 1.500.000 kroner
  • Sogn Næring AS – Sognacamp: Kompetanse og rekruttering: 580.000 kroner
  • Hardangerrådet IKS – Arbeidsstad der du vil: 300.000 kroner
  • NONEDA – Kartlegging av spelutviklingsbransjen på Vestlandet: 200.000 kroner
  • Voss herad – Datadrevet modellering av symbioses verdi og impact: 846.000 kroner
  • Sunnfjord Utvikling – Fjord Impact Lab: 1.500.000 kroner
  • Maritime Clean Tech – Tillit til nullutslepp i maritim transport: 1.000.000 kroner
  • NCE Finance Innovation – Cybersikkerheit i Vestland: 1.000.000 kroner
  • Kompetansesenter for teknologi og sirkulærindustri – Utvikling av kompetansepakkar innan teknologi og sirkulærindustri: 500.000 kroner
Powered by Labrador CMS