nyhende

Fylkesordførar i Vestland fylkeskommune, Jon Askeland, og kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen. FOTO: LISELOTTE BAKKEVIG TONHEIM/NPK
Fylkesordførar i Vestland fylkeskommune, Jon Askeland, og kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.

Vestland fylkeskommune best på nynorsk

Språkrådet har kåra Vestland fylkeskommune til Årets nynorskkommune for arbeidet sitt med nynorsk på alle samfunnsområde.

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: I år har juryen sett spesielt mot kommunar som har sett i verk tiltak for å etterleve krava i den nye språklova.

– Dei tilsette har god kjennskap til språklova, noko det har vore viktig for oss å løfte fram i år. I Vestland er nynorsken representert i planar og strategiar, og han er synleg i det offentlege rommet, seier juryleiar Margrethe Kvarenes.

I grunngivinga til juryen heiter det mellom anna at fylkeskommunen «har arbeidd grundig og systematisk for å sikre at dei tilsette kjenner språklova, har kompetanse og høve til å følgje opp. Dei viser strategisk leiarskap, og nynorskarbeidet har ringverknader for heile regionen».

Prisen, som er på 200.000 kroner, vart delt ut av kulturminister Anette Trettebergstuen (Ap) på Litteraturhuset i Oslo måndag.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS