nyhende

Det er nokre år sidan Vestavind hadde opplagsauke – det blei feira med kake i lunsjen tysdag denne veka. F.v. Susanne Lie Vallestad, John Andreas Toft, Irene Flatnes Haldin og Kari Nilsdatter Haukås.
Det er nokre år sidan Vestavind hadde opplagsauke – det blei feira med kake i lunsjen tysdag denne veka. F.v. Susanne Lie Vallestad, John Andreas Toft, Irene Flatnes Haldin og Kari Nilsdatter Haukås.

Vestavind veks seg større med fleire lesarar

Ferske tal viser at fleire les lokalavisa. Mykje av veksten er digital.

Publisert Sist oppdatert

Opplagstalet for Vestavind auka med 40 aviser første halvdel i dette året, samanlikna med førre måling i regi av Mediebedriftenes Landsforening, MBL. Opplagstalet inkluderer både papir og digitalt, i tillegg til laussal. Det totale opplaget er no 1582 aviser.

Mange lokalaviser har gjort det godt det siste halve året, og blant dei er Vestavind som har hatt ein flott opplagsvekst.

– Det er ingen tvil om at Vestavind er viktig for sveibuen, det såg me spesielt i samband med skulesaka som blei avslutta i vår. Nettavisa er årsaka til mykje av veksten, mange vil ha komplett abonnement, det vil seia både papir og nett, fastslår redaktør Irene Flatnes Haldin.

Andre LLA-aviser i vårt distrikt har også gjort det godt. Sunnhordland har det siste halve året auka opplaget med 137 aviser (6775), Bømlo-nytt 3 aviser (3633), Grannar 51 aviser (3520). Tysvær Bygdeblad står også støtt, med berre ein liten nedgang på 11 aviser (2127).

LLA-avisene står sterkt

Avisene tilknytt Landslaget for lokalaviser (LLA) aukar samla med 0,53 prosent. Over 60 prosent av LLA-avisenes opplag er komplett-abonnement. På den måten får lesarane tilgang til journalistikken og annonsene både på nett og papir. Nesten 30 prosent av abonnentane er heildigitale.

LLA-avisenes samla opplag er no 358.139. Det er LLAs generalsekretær Tomas Bruvik godt nøgd med:

– Gjennom pandemien trur og håper eg at folk har sett kor viktig det er å ha ei lokalavis i kommunen sin. Avisene våre formidlar nyttig og livsviktig informasjon og dei knyter folk saman. Lokalavisene er også ein nyttig mediekanal for bedrifter, organisasjonar og kommunar. Særleg har mange kommunar brukt lokalavisa det siste året for å få ut samfunnskritisk informasjon i eit truverdig miljø, seier Bruvik.

Powered by Labrador CMS