nyhende

Vestavind-redaktør Ellen Marie Hagevik ønsker seg mange frilansarar til oppdrag på kveldstid og i helger.
Vestavind-redaktør Ellen Marie Hagevik ønsker seg mange frilansarar til oppdrag på kveldstid og i helger.

Vestavind søker frilansarar

Gjennom annonser i eiga avis har Vestavind dei siste vekene søkt etter frilansarar, først og fremst til oppdrag på kveldstid og helger.

Publisert Sist oppdatert

– Så langt har me fått tre søkarar. Me vil gjerne ha endå fleire, seier redaktør Ellen Marie Hagevik.

Ho forklarar bakgrunnen for at avisa no ønskjer å knyta til seg fleire redaksjonelle medarbeidarar.

– Sveibuane er glade i Vestavind. Ingen andre stader har eg fått så mange positive tilbakemeldingar frå lesarane som her. Men me er ein liten redaksjon og når ikkje over alt. Difor er det mange som saknar oss på arrangement på kveldstid og i helger. No har me søkt Medietilsynet om tilskot til eit innovasjonsprosjekt som skal gå fram til august.

Innovasjonsprosjekt

Søknaden var på 300.000 kroner, Medietilsynet innvilga 100.000. Det er desse midlane som nå vil bli brukte til å honorera frilansarar.

– Prosjektet vil ha særleg fokus på fritid og ungdom. Me søker medarbeidarar i alle aldrar. Søkjarane bør ha tilgang på kjøretøy eller ha avtale med nokon som kan kjøra dei til og frå oppdrag. Meininga er at frilansarane skal skriva heime på eigen pc eller mac, og senda på e-post. Dei som ikkje har kamera, vil i dei fleste tilfelle koma langt med smarttelefon, seier Hagevik.

Vil gi opplæring

Ho understrekar at bilde er viktig. Dei som melder seg, vil få rettleiing i både skriving og fotografering. Alle interesserte vil få tildelt oppdrag og få prøva seg i arbeid, seier redaktøren vidare. Etter kvart vil dei bli oppmuntra til å ta eigne initiativ til saker. Hagevik understrekar også at dyktige frilansarar vil få sjanse til oppdrag også etter at prosjektperioden er over.

– Gjennom landslaget for lokalaviser (LLA) er Vestavind med i eit pilotprosjekt som går ut på å måla digitalt korleis sakene treff i nettavisa. Desse målingane vil også vera grunnlag for tilbakemeldingar til frilansarane, seier Hagevik.

Powered by Labrador CMS