nyhende

Vestavind si nettavisa fyller fem år i dag

5. mars 2020 var ein merkedag for Vestavind med lansering av nettavisa vår. Lite visste me då at Noreg sju dagar seinare skulle bli stengt ned på grunn av korona.

Publisert Sist oppdatert

Slik sett kunne ikkje valet av lanseringsdato klaffa betre. Behovet for informasjon var stort, og det som skjedde måtte ut til lesarane med ein gong. Å ha nettavisa på plass var heilt uvurderleg.

For noverande redaktør blei det også litt av ein overgang på andre måtar. Vikarjournalisten blei veka etter brått aleine i redaksjonen, og måtte gjera ting ho ikkje hadde gjort før. Til dømes laga papiravis i løpet av to dagar på Mac og InDesign.

Men tilbake til nettavisa og lansering. Dagane før var det ei rekke førebuingar til den opne lanseringsfesten som blei halde i Sveio senter. Mellom anna skulle det blåsast opp ein heil del ballongar. Heldivis hadde dagleg leiar og marknadsansvarleg Susanne Lie Vallestad sørga for luftkompressor:

Me ha leita tilbake til starten, og utover månadane som kjem vil me republisera fleire saker frå 2020. God lesnad!

Powered by Labrador CMS