nyhende

Dagleg leiar Susanne Lie Vallestad, journalist Morten Vågset Møller og redaktør Ellen Marie Hagevik i Vestavind gler seg over opplagsauke.

Vestavind gjer digitalt byks

Opplagstala for andre halvår 2025 viser tydeleg vekst i digitale abonnement for Vestavind, medan lokalavisa tek nye steg mot ein meir heildigital kvardag.

Publisert Sist oppdatert

Vestavind enda med eit opplag på 1.612 i andre halvår 2025, opp 45 frå same periode året før. Sjølv om komplett-abonnement går litt ned, viser tala ein sterk vekst i digitale abonnement.

Opplagstal for andre aviser i vårt område

Opplag andre halvår 2025 og endring frå andre halvår 2024 i parentes:

  • Grannar: 3.583 (+111)
  • Tysvær Bygdeblad: 2.248 (+118)
  • Suldalsposten: 2.554 (-51)
  • Ryfylke: 2.326 (+31)
  • Karmøynytt: 2.110 (+137)
  • Bømlo-nytt: 4.151 (-76)
  • Stord24: 1.592 (-84)
  • Sunnhordland: 7.928 (+286)
  • Haugesunds Avis: 20.567 (-66)

– Ei opplagsauke på 45 er det ein god stund sidan me har sett. Det er veldig gledeleg, og eit synleg teikn på at sveibuane både bryr seg om og les lokalavisa. I ei verd der mange hentar informasjon via meir eller mindre seriøse medier og sosiale medier, er Vestavind ei viktig redaktørstyrt og etterretteleg motvekt, seier redaktør Ellen Marie Hagevik.

– Gledeleg er det også at den digitale satsinga vår no ser ut til å nå lesarane. I snitt auka den digitale lesarmassen med vel 11 prosent for Landslaget for lokalaviser (LLA) sine vel 130 medlemsaviser. Auken i Vestavind det siste året er heile 35 prosent. I ei lita avis med berre tre tilsette er det ganske imponerande, held ho fram.

Førebur seg på ein digital kvardag

Vestavind har sidan sommaren 2023 delteke i eit samarbeidsprosjekt med LLA og fleire andre lokalavisar for å styrkja den digitale satsinga, eit arbeid som no held fram.

– Gode opplagstal er ei stadfesting på at me gjer noko rett i den daglege jobben med å bli betre og nå fleire lesarar. Det arbeidet held sjølvsagt fram, og Vestavind er det kommande året eigar av LLA-prosjektet «Liten, aleine og digital» der målet er å gjera dei minste avisene i LLA betre rusta å takla den heildigitale kvardagen som ventar om ikkje så lenge, fortel redaktøren.

– Vestavind vil framleis ha papiravis ei stund til. Men med stadig aukande kostnader til trykk og både aukande kostnader og utfordringar med distribusjon, må me rigga oss for ein heildigital kvardag. Dette gjekk me i gong med for fullt frå starten av dette året med byte til nye system både redaksjonelt og på abonnement. Desse endringane gjer også nettavisa meir tilgjengeleg, samstundes som me har fått nye redaksjonelle tilbod og heilt andre mogelegheiter for digital annonsering. Me håper jubileumsåret vil gi oss ny opplagsauke og enno fleire digitale lesarar, seier Hagevik.

– Spennande journalistikk

– Nok ein gong ser me at lokalavisane lagar spennande journalistikk som svært mange vil betala for. Dei fine opplagstala viser at folk set stor pris på lokal, redaktørstyrt og uavhengig journalistikk frå eigen kvardag og nærmiljø, kanskje særleg når det er urolege tider ute i verda, seier Tomas Bruvik, generalsekretær i LLA.

Powered by Labrador CMS