nyhende

Jarl Vidar Meling går frå TV Haugaland til Vestavind og er tilsett som ny journalist i avisa.

Jarl Vidar Meling blir ny journalist i Vestavind

Jarl Vidar Meling er tilsett som ny journalist i Vestavind. Etter mange år i TV Haugaland ser han no fram til å jobba tett på lokalsamfunnet i Sveio.

Publisert

Jarl Vidar Meling har lang fartstid i journalistikken. Han har mellom anna jobba som frilansar for fleire aviser og som journalist i Vestnytt på Sotra, men dei fleste kjenner han nok best frå TV Haugaland, der han har vore sidan 2004.

No ser haugesundaren fram til å koma tettare på lokaljournalistikken igjen.

– Eg sakna litt det å skriva, og så sakna eg å ha fokus på éin kommune, seier Meling.

Han fortel at det nettopp var nærleiken til lokalsamfunnet som gjorde stillinga i Vestavind attraktiv.

– Det er det som skjer der du bur som påverkar deg mest. Det er forholdet til skulen, idrettslaget, korpset og nærmiljøet. Det er det lokale som driv samfunnet framover, held Meling fram.

– Vestavind er jo ei bærebjelke i lokalsamfunnet. Det er ei viktig stemme, legg han til.

Ein nyheitsmann

Meling skildrar seg sjølv som ein nyheitsmann som er glad i politikk. Samstundes understrekar han at lokaljournalistikken handlar om langt meir enn dei tradisjonelle nyheitssakene.

– Eg er veldig glad i menneskemøte. Journalistikk handlar jo om at folk gir deg tillit til å fortelja si historie. Det er eit privilegium, seier han.

Vil bidra med meir enn tekst

Meling håpar også å kunna bruka erfaringa frå TV i den nye jobben.

– Eg håper å kunna bidra med meir video, og fortelja historiar i kombinasjon med både video, lyd og tekst, seier han.

Han ser også fram til å bli betre kjend med Vestavind-staben.

– Eg trur det blir heilt topp, faktisk, seier Meling.

– Eit løft for Vestavind

Redaktør Ellen Marie Hagevik meiner tilsettinga vil styrka avisa både journalistisk og digitalt.

– Me er svært nøgde med å få Jarl Vidar som ny kollega. Han har solid erfaring som journalist, og brenn for lokaljournalistikken. I tillegg til det vil han tilføyra Vestavind verdifull kompetanse på levande bilde, og vera med på å bygga framtidas Vestavind. Det vil bli eit løft som eg er sikker på lesarane vil legga merke til og setta pris på, seier Hagevik.

Ho peikar også på at tilsettinga kjem i ei tid der mediebransjen er i rask endring, og at lokalaviser må dyrka det unike ved den nære journalistikken.

– Mediebransjen er inne i ei brytingstid der mellom anna KI (kunstig intelligens) både er eit nyttig verktøy og ei utfordring. I dette landskapet må me finna og dyrka det KI ikkje kan levera på eit raskt søk: møte med ekte menneske. Jarl Vidar er både glad i folk, og i å formidla dei gode historiane og hendingar som pregar lokalsamfunnet både i fest og alvor, held redaktøren fram.

Viktig for utviklinga vidare

Også styreleiaren Bent Rune Sinnes er glad for tilsettinga, og meiner ho peikar framover for avisa.

– Me gler oss over tilsettinga av Jarl Vidar Meling som journalist i Vestavind. At me har sikra oss hans unike kompetanse og erfaring, viser at Vestavind også ser framover i eit jubileumsår. Tilsettinga er uttrykk for eit retningsval og vil vera ei styrking av Vestavind-staben, og merkbar for abonnentar og annonsørar, seier Sinnes.

Det er førebels ikkje heilt avklart når Jarl Vidar får sin første arbeidsdag i Vestavind, men i løpet av sommaren vil lesarane truleg sjå bylinen hans i avisa.

Powered by Labrador CMS