nyhende

Dagleg leiar Susanne Lie Vallestad, journalist Thomas Vallestad Drageset og redaktør Torstein Tysvær Nymoen i Vestavind er glad for at dei minste avisene er prioritert ekstra i årets fordeling av den offentlege produksjonsstøtta til mediebedriftene.ARKIVFOTO: SUSANNE LIE VALLESTAD
Dagleg leiar Susanne Lie Vallestad, journalist Thomas Vallestad Drageset og redaktør Torstein Tysvær Nymoen i Vestavind er glad for at dei minste avisene er prioritert ekstra i årets fordeling av den offentlege produksjonsstøtta til mediebedriftene.

Vestavind får meir pressestøtte

Vestavind og fleire andre lokalaviser på Haugalandet og i Sunnhordland får ei god auke i det statlege produksjonstilskotet for 2022.

Publisert Sist oppdatert

Fakta om produksjonstilskottet

• Produksjonstilskottet er den største av dei direkte mediestøtteordningane.

• Produksjonstilskottet skal bidra til eit mangfald av nyheits- og aktualitetsmedium over heile landet.

• Ordninga er særleg retta mot medium i marknader som er for små til å vere berekraftige, og medium som er alternativ til dei leiande media i større marknader. Produksjonstilskottet skal korrigere for marknadssvikt for mindre nyheitsmedium og nummer to-medium i slike marknader (abonnementsaviser som konkurrerer med ei større avis på utgivarstaden).

• Ordninga er plattformnøytral og likestiller papir- og nettaviser.

• Medium som søkjer, må oppfylle spesifikke krav til formål og innhald for å få støtte. I tillegg må avisa ha ein ansvarleg redaktør i tråd med krava i Redaktørplakaten, ta reell betaling for innhaldet etter ei offentleg tilgjengeleg prisliste og selje minst halvparten av opplaget gjennom abonnement. Det er også avgrensingar knytte til overskott, driftsmargin og utbytte.

Kjelde: medietilsynet.no

Totalt fordeler Medietilsynet 388,7 millionar kroner i produksjonstilskot til 146 aviser i år, på vegner av staten. Det er ein auke på 19 millionar kroner frå i fjor. Regjeringa har øyremerkt 8 millionar kroner til dei minste lokalavisene.

Medietilsynet offentleggjorde fredag fordelinga av produksjonstilskotet, som er den største av dei direkte mediestøtteordningane i Noreg.

– Alle skal ha eit godt medietilbod, uavhengig av kor dei bur. Vi vil bidra til at lokalavisene kan halde fram å gi oss god, samfunnsviktig journalistikk, og at dei samtidig kan drive med omstilling. Derfor rettar vi meir av produksjonstilskotet til dei minste lokalavisene, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen, i ei pressemelding.

Dei 8 millionane blir fordelt på om lag 100 lokalaviser.

Auke for dei fleste

I oversikta går det fram at både Vestavind, Tysvær Bygdeblad, Grannar, Suldalsposten og Bladet Tysnes får 951.591 kroner kvar i produksjonsstøtte, ei auke på 12,4 prosent samanlikna med i fjor då tilskotet kom på 862.104 kroner.

Bømlo-Nytt, Ryfylke og Karmøy-Nytt får 967.876. For dei to første er det ei auk på 12,3 prosent. For Karmøy-Nytt er det ein nedgang på 36 prosent samanlikna med i fjor.

Kvinnheringen får 444.544 kroner, som er 38 prosent mindre enn i fjor.

Stord24 får 1.033.001 i støtte, 34 prosent mindre enn i for.

– Lokalavisene er viktige både for lokalsamfunna og det totale mediemangfaldet, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.

Klassekampen får framleis mest

Med ei støtte på nær 40 millionar kroner, får Klassekampen mest i støtte, i år som i fjor. Avisa får likevel 1,8 millionar kroner mindre i støtte i år enn i 2021, tilsvarande 4,3 prosent.

– Klassekampen og Bergensavisen får mindre i støtte enn i fjor, fordi fleire nye aviser har kome inn i ordninga. Dagsavisen, Vårt Land og Dagen får også mindre, men der er årsaka i hovudsak at desse avisene har lågare opplag, seier Velsand.

Av dei ti største avisene får Dagsavisen størst reduksjon i støtte, både i kroner og prosent, med ein nedgang på 6,3 millionar kroner, eller omkring 18 prosent. Dagen får 3 millionar kroner mindre, tilsvarande ein nedgang på nesten 17 prosent, mens Vårt Land får ein reduksjon på 4,2 millionar kroner, tilsvarande eit fall på nesten 14 prosent.

Powered by Labrador CMS