nyhende
Verdsmeister for andre gong
For andre år på rad er Heidi Magnesdatter Åsbø frå Mølstrevåg kåra til verdsmeister på soprankornett.
Kåringa skjedde på Global Soprano Cornet Network si årlege samling på nett i september. Temaet i år var «Ditt eige val». Åsbø vann med sin eigen versjon av Hans Zimmer sin filmmusikkstykke «Chevaliers de Sangreal» frå «Da Vinci-koden». I tillegg til sitt eige instrument la ho til orgel og bilde av Maria Magdalena si grav – kalla The Holy Grale – for å skapa ein heilskap.
Nye utfordringar
– Etter konkurransen har eg fått førespurnad om å laga eit heilt arrangement for brassband av denne musikken, og eg har kontakt med ein annan musikar som gjerne vil vera med på det arbeidet. Men først er det fleire spørsmål som må avklarast, mellom anna i forhold til copyright, seier Åsbø.
Ho fortel vidare at ho hadde 34 konkurrentar i sin klasse under konkurransen. Fleire av dei er elite-musikarar.
– Det var litt stas å vinna i konkurranse med desse, seier ho.
Og legg til at det var overveldande og overraskande å gå til topps for andre år på rad.
Storsamling i Stavanger
Her heime spelar Åsbø i Bergen Brassband. Nett no ser ho fram til storsamling for brassband i Stavanger 2. november - Siddis 24. Instrumentet betyr mykje for musikarar som Åsbø. Sidan første gongen ho blei kåra til verdsmeister har ho tatt i bruk ein ny type munnstykke frå ein britisk leverandør, og desse vil ho gjerne promotera under storsamlinga i Stavanger.
– På grunn av forma og vinnartemaet mitt har eg kalla dei The Holy Grale, fortel ho.
Støtte frå familien
I Sveio er Åsbø som komponisten av Sveiofanfaren, og også som solist under julegudstenester og i samband medgravferder og bryllup. I tillegg er ho mor til drilljenter som oså har hevda seg i internasjonale konkurransar og som samstundes har vore med å oppmuntra henne til å delta i dei meisterskapa ho no har gått til topps i.
– Dei tre barna mine og mannen min har vore dei største motivatorane mine i tillegg til den spelande mor min Mariann Nilsen og far Magne Nilsen, seier Heidi Magnesdatter Åsbø.