nyhende

Frå venstre Egil Skjelnes (pedal steelgitar), Jon Martin Skauge (gitar), Svein-Tore Hindenes, (keyboard), Espen Vågstøl (slagverk).

Meiningsmetta tekstar, lun humor og rockefot

Nystemt-gitarist Jon Martin Skauge kallar seg musikar. Ikkje artist, sjølv om han er det. Med sitt smittande smil stod han utanfor Valestrand kulturkyrkje torsdag kveld og ønska om lag 75 vaksne velkomen til konsert.

Publisert

Den om lag 44 år unge gitaristen frå Masfjorden er ein erfaren komponist med meiningsmetta tekstar på nynorsk. Dei traff publikum. Skauge er også arrangør, gitarlærar, musikkprodusent og lydteknikar. 

To ihuga fans

Gitarspeling starta han med i 10-årsalderen. I meir vaksen alder har han spela eller jobba med lyd for mellom anna Rune Larsen, Tor Endresen og Helge Nilsen. Han har fått prøva seg som komponist for eit filmselskap, og produsert musikk til mange dokumentarfilmar på NRK og TV2. Du har kan henda også sett han i TV-serien «Nystemt i Nøsteboden» på NRK?

– Eg trur gitaren har berga meg, sa Skauge.

Jon Martin Skauge fekk mykje ros av initiativtakarane og ihuga fans Solveig Brynjelsen (t.v.) og Ellen Margrethe Reiersen.

Ellen Margrethe Reiersen og Solveig Brynjelsen er to av Jon Martin Skauge sine mange ihuga fans. «Dag for dag» var hans første song denne kvelden, der han ønskte å takka dei to som tok initiativ til konserten. Noko som var vel fortent, sjølv om det blei Ellen sin mann Edwin Reiersen som tok på seg dei fleste oppgåvene.

Knekte armar og forelsking

– Eg har budd i Rosendal der det er nesten like fint som her, kunne han fortelja før han framførte ein jordnære melodi om eple og pære, bringebær og moreller meir enn han kunne telja. 

Me fekk høyre historiar og songar om knekte armar, teleskop på fjorden, om Ivar Medås, långa og brosma og hysa, og at det er ikkje lett å få dampen til å gå. Så om den gong han hadde takka ja til å spela på DNT–hytta Skavlabu, men måtte snu undervegs då det blei for langt og bratt å bera på alt utstyret han måtte ha med seg. 

Ein gong han var i Kristiansand vart han svært så forelska i ei jente. Då han kom heima sa han til far sin at han ikkje visste at det gjekk an å vera så glad. Svaret han fekk var at det går over. 

Faren fekk rett. Det gjekk over. Den unge karen hadde sjølvsagt komponert ein song om det å vera forelska. Og at det kan ta slutt. Men han kan ikkje heilt ha tatt skrekken. Ein sein kveld han var på rotur med ei jente, hadde han sagt at ho var så fin i mørket. Korleis det heile enda fekk me ikkje høyra, men latteren runga høgt i kyrkjerommet.

Fekk føter og kne til å vippa

Det var fantastisk å sjå og høyra Egil Skjelnes som spela på pedal steelgitar, Svein Tore Hindenes på keyboard, Jon Martin Skauge med sin gitar, og Espen Vågstøl på perkusjonsinstrument (slagverk).

Skauge spurde publikum om dei lika å dansa. Mange hender kom opp. Då bytte han gitaren ut med ein meir «rocka versjon». Då dei sette i gong med countrymusikk vart det såpass «trøkk» mellom veggane at folk sine føter og kne vippa både opp og ned. Før me fekk høyre ein meir følsam melodi «Eg å du». 

Denne kvelden fekk me oppleva det me hadde høyrd og lese om Jon Martin Skauge, at han appellerer til mange med sin ujålete, ærlege og humoristiske stil.

Skauge spelar også i gravferder. Han fortalde om kva tankar han fekk før han skulle spela i ei gravferd der mannen hadde vore dement. Kva ville han ha sagt? Skauge komponerte ein vakker song om mellom anna inneheld teksten «No legg eg inn mine årer». 

Avslutningsvis fekk me høyre melodien «Takk», og orda «ykke til på ferå, eg kankje` vara med».

God oppleving

Etter konserten kunne dei som ønskte det stoppa igjen for kaffi og frukt samt ein god prat.

Konserten var utan tvil ei god oppleving for oss alle. Skauge fekk mange handtrykk og gode ord. Dei som tidlegare hadde høyrd han og bandet spela, takka og sa at dette var det aller beste dei hadde levert.

Powered by Labrador CMS