nyhende
– Det er viktig at undommane og ungane har noko å gå til
Inghild Hovland er denne vekas «Hei, sveibu!»
– Kva gjer du til dagleg?
– Eg jobbar på sjukehuset.
– Kva er det beste med å vera sveibu?
– Naturen, trur eg.
Annonse
– Er det noko du saknar i Sveio?
– Nei, eg trur me har det meste. Det er også fin tilgang til Haugesund og Stord viss ein vil til byen.
– Kva er ditt beste Sveio-minne?
– Det er oppveksten i Førde.
Annonse
– Kven i Sveio vil du framsnakka, og kvifor?
– Alle dei frivillige som jobbar særleg med barne- og ungdomsarbeid, fordi det er viktig at ungdomane og ungane har noko å gå til.