nyhende
— Ver forsiktig med open eld
Med mykje dødt og tørt gras frå i fjor, ligg alt til rette for at bråtebrannar oppstår og kjem ut av kontroll. Litt regn er ikkje nok, og brannsjefen ber alle vera forsiktige med open eld framover. Det pågår også organisert lyngbrenning fram mot 15. april.
Laurdag braut det ut ein bråtebrannn i Førresfjorden i Tysvær. Etter dagar med lite nedbør og lav luftfuktighet, tar det lett fyr i vegetasjonen og brenn fort. Heldigvis var det lite vind, og brannvesenet, saman med lokale folk, fekk sløkt brannen etter ein time.
Når det har vore bra vêr ein periode, er ikkje lette regnbyger nok til å dempa brannfaren.
— All erfaring tilseier at bråtebrannen i Førresfjorden ikkje blir den siste. Det gjekk bra denne gongen, men det er eit potensiale for skog- og utmarksbrannar fram til det kjem nedbør av betydning. Me ber derfor alle om å vera forsiktige med bruk av open eld i tida framover. Sjølv om det generelle bålforbodet er frå 15. april til 15. september, gjeld det generelle aktsomheitskravet heile året, seier brannsjef Dag Botnen i Haugaland brann og redning.
Dette må du hugsa på
Sveio har hatt sin del av gras- og lyngbrannar. Ein av dei største skjedde i mai 2012 då ein kvelva primus i nærleiken av Ryvarden sette fyr på vegetasjonen. Brannen spreidde seg raskt til ei stort område, og 59 personar måtte evakuerast medan den vanskelege sløkkinga pågjekk.
Brannsjef Botnen vil ikkje ta vekk gleda ved å laga eit lite bål for å grilla eller koka kaffi, men oppmodar alle til å hugsa på følgande:
- Brenning skal meldast brannvesenet på melding om bruk av eld utandørs.
- Unntak er kaffebål, grilling og andre mindre bål.
- Sløkk bålet med vatn før du forlet staden.
- Kjem bålet ut av kontroll, ring straks til brann- og redningsvesenet på 110.
- Ha sløkkeutstyr tilgjengeleg.
- Det er ikkje lov å brenna plast, bygningsmaterialer eller søppel.
- Det er ikkje lov å utøva lyngbrenning utan søknad og godkjent plan.
- Er du i tvil om du skal brenna, då er det ikkje tvil: du skal ikkje brenna.
Lyngbrenning i påska
— Elles vil me sjå mykje røyk i lyngheiane utover i påska då lyngbrennarane er i full aktivitet no fram til 15. april. Det kan oppfattast som om dette ikkje er forsvarleg all den tid det er tørt, men samstundes er det når det er tørt det er mogleg å brenna. Lyngbrennarane har gode planar, er godt drilla og har utstyr og mannskapsressursar til å utøva slik aktivitet, seier Botnen.
I Sveio har det pågått lyngbrenning i Ryvardenmarka og Smørsund dei siste dagane. Klaffar det med mannskap, kan det også bli lyngbrenning på Vandaskog til helga.
— Det største området er i Ryvardenmarka der me har brent 400 mål. Det ser svart og fælt ut etter brenning, men gje det ein månad så vil det sjå heilt fantastisk ut, seier Torbjørn Larsen i Haugaland Lyngbrannreserve.
Lyngen treng brenning for å halda seg frisk, og det gir også godt beite og tar livet av flått i område der ein plaga med det.