nyhende

Ventetida auka på norske sjukehus i fjor samanlikna med 2021. FOTO: NTB / NPK
Ventetida auka på norske sjukehus i fjor samanlikna med 2021.

Ventetida aukar i spesialisthelsetenesta

Publisert Sist oppdatert

Den gjennomsnittlege ventetida i spesialisthelsetenesta auka i 2022 samanlikna med året før. Unntaket er ventetida for rusbehandling.

Ifølgje tal frå Helsedirektoratet auka ventetida i spesialisthelsetenesta frå 61 dagar i 2021 til 66 dagar i 2022.

Ventetida er størst i somatikken, som behandlar fysiske sjukdommar. Der var ventetida i gjennomsnitt 68 dagar i fjor, samanlikna med 63 dagar i 2021.

Rundt 2,08 millionar pasientar fekk behandling ved somatiske sjukehus i 2022, noko som er ein auke på 2,6 prosent frå året før.

Ventetida for psykisk helsevern for vaksne, barn og unge auka også i same periode. Unntaket er rusbehandling, som hadde ei kortare ventetid i fjor samanlikna med året før.

Ventetida auka på norske sjukehus i fjor samanlikna med 2021. FOTO: NTB / NPK

Powered by Labrador CMS