nyhende

Illustrasjonsfoto: Lise Åserud / NTB / NPK

Ventetid på passfornying fleire stader

Publisert Sist oppdatert
NPK: Mellom 300.000 og 400.000 nordmenn er utan gyldig pass for tida. Over heile landet er det kø for å få fornye passet. Det kan gå ut over sommarferieplanane.

Ved politikontora fleire stader i landet er det vanskeleg å finne ledige timar.

– Eg forstår jo at folk kanskje ikkje tyr til søknad om pass og ID-kort når dei ikkje har behov for det. Men no ser vi at reiselysta aukar, seier Arne Isak Tveitan, leiar for ID-seksjonen i Politidirektoratet, til NRK.

Det er i dei store byane at køane ved passkontora er lengst akkurat no.

Dersom det lokale passkontoret ditt har stor pågang og det ikkje finst nokon ledige timar akkurat no, er ikkje håpet ute. For politiet legg ut timar kontinuerleg på nettsida si, seier Tveitan i POD:

– Viss ein ikkje finn time med ein gong, så oppfordrar vi alle til å prøve igjen litt seinare.

Eit anna råd frå politiet er å sjekke andre stader i nærleiken.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS