nyhende
Ventar storinnrykk til barnehagemøte
Arbeidsgruppa som arbeidar for vidare drift av barnehage på Bua, ventar stor oppslutnad om bygdemøtet i Skulehuset onsdag kveld.
– Etter to døgns marknadsføring har 80 meldt si interesse og 50 er påmelde til arrangementet, seier Alf Edvin Hovda måndag føremiddag.
Han opplyser at dei ønskjer påmelding frå dei som vil ha eit varmt måltid og delta på mingling før sjølve barnehagemøtet tek til.
Hovda er med i arbeidsgruppa som blir leia av Nils Haktor Bua. Bua er også styreleiar i Bua ungdomslag, som dreiv barnehagen inntil for sju år sidan då Bua kultur- og friluftsbarnehage AS tok over.
– Me er framleis opne for alle løysingar. Eg trur me må ha alle med oss, foreldre, organisasjonar og folk i bygdene for å få dette til, seier Nils Haktor Bua i ein kommentar til Vestavind.
Sentrale politikarar
Både ordførar André Mundal Haukås (H) og leiaren i hovudutval for oppvekst og kultur Monica Vandaskog Valen (Sp) vil halda innlegg på møtet. Det er også varsla innlegg frå foreldrerepresentantar i Bua kultur- og friluftsbarnehage og appellar frå fleire gjester, opplyser arrangørane. Arbeidsgruppa vil sjølv leggja fram sine tankar om vidare drift.
– Det er stor interesse og engasjement for vidare barnehagedrift både i Bua- og Auklandshamn-krinsane, fortel Hovda.
Til fordel for begge?
Mange frå Auklandshamn har tradisjonelt brukt barnehagen på Bua, og Hovda bemerkar at vidare barnehagedrift kan gi positive ringverknader for skulen i Auklandshamn.
Samstundes med at arbeidsgruppa registrerer stor interesse, stadfestar Hovda at dei også opplever eit sterkt tidspress for å få på plass ei framtidig løysing. Det noverande driftsselskapet avsluttar drifta til sommaren, og 15. februar er fristen for å søkja barnehageplass til hausten. Innan den tid må eit eventuelt alternativ vera klart.