nyhende

Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

Ventar på fleirtalet av prøvesvara – ingen postive til no

Fleirtalet av testane som er tatt i samband med smittetilfellet i barnehagen var i 14.30-tida fredag ikkje besvarte – men av resultat som har kome er så langt, er alle negative.


Anbefalingar til sveibuen

Sveio kommune er i samband med smitteutbrot på Haugalandet for tida underlagd «tiltaksnivå A». Av forskrifta følger ein del formelle påbod og forbod, blant anna forbod mot arrangement og fritidsaktivitetar (med nokon unntak). Sveio kommune oppsummerer denne, og ønskjer på same tid alle om å følgja anbefalingane:

Alle bør unngå besøk heime og samankomstar i eigen heim.
Frå denne anbefalinga er det nokre unntak:

  • Aleinebuande blir anbefalt å berre ha besøk av eller gå på besøk til éin til to faste venner eller éin fast husstand.
  • Barn og unge blir anbefalt å berre ha besøk av eller å gå på besøk til éin til to faste venner. For barn gjeld dette i tillegg til besøk frå eller hos eigen barnehage- og barneskulekohort.
  • Nødvendige heimetenester og besøk hos personar som er i livets siste fase er ikkje omfatta av anbefalinga om å unngå besøk.

Alle bør halda to – 2 – meters avstand i møte med andre personar.

Denne anbefalinga gjeld ikkje personar i eigen husstand eller venner og besøk som nemnde i kulepunkta over.

Alle bør unngå reiser som ikkje er nødvendige.

(Reise til arbeid blir sett på som nødvendig, sjølv om alle som kan det blir anbefalt å ha heimekontor)

Busette i kommunen blir anbefalt å ikkje dra til opne kjøpesenter eller varehus i nabokommunar.

Busette i kommunen som har fritidsbustad i anna kommune blir anbefalt å berre dra saman med personar i eigen husstand.

Ein blir anbefalt til å gjera alle innkjøp i eigen kommune før avreise og å ikkje oppsøka butikkar, serveringsstader eller møteplasser med mange menneske i hyttekommunen. Vidare blir ein anbefalt å halda god avstand til andre i skiløyper, skitrekk og på gåtur. Sjekk kva råd og reglar som gjeld for hyttekommunen, og følg desse. Ein blir anbefalt å ikkje ta imot besøk.

Powered by Labrador CMS