nyhende

Vedum før sommarferien:

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) gler seg til sommaren. Han ser knapt ei mørk sky på den økonomiske horisonten.
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) gler seg til sommaren. Han ser knapt ei mørk sky på den økonomiske horisonten.

Ventar lysare tider og lovar folk betre råd

Den økonomiske utviklinga går rett veg for finansministeren: Prisveksten fell, arbeidsløysa er stabil og lønnsveksten er høg nok til at folk får betre råd.

Publisert Sist oppdatert

Rett nok har svenskane litt lågare rente enn oss, men dei har også høgare arbeidsløyse, lågare lønnsvekst og dårlegare råd, ifølgje dei makroøkonomiske storleikane som dannar bakteppet for møtet mellom dei nordiske finansministrane i Stockholm onsdag. Dei aller fleste av tala er positive i norsk favør, samanlikna med Sverige.

Litt mindre bekymringsprega dagar

– Sidan førre finansministermøte i fjor har vi hatt det krevjande i Noreg, men i Sverige har det verkeleg vore røft. Der har kjøpekrafta falle mykje meir enn her, og arbeidsløysa er mykje høgare. Ein gjennomsnittleg industriarbeidar i Sverige har dessutan eit heilt anna lønnsnivå enn vi har i Noreg, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) til NTB.

Og sjølv om den svenske styringsrenta ligg på 3,75 prosent – mot den norske på 4,5 prosent – er forbruket til hushalda lågare i Sverige enn i Noreg. Det høyrer likevel til biletet av forbrukartilliten er svakare i Noreg. Det betyr at norske hushald ser meir pessimistisk på framtida enn naboane sine i Sverige.

Men det har dei tilsynelatande ingen grunn til, ifølgje finansministeren. Utsiktene til lyse sommarnetter er gode og ein litt mindre bekymringsprega kvardag, meiner han.

Ventar auka kjøpekraft

Vedum peikar nemleg på at vi ligg an til ein lønnsvekst på rundt 5,2 prosent, samtidig som prisveksten er på veg nedover. Den skal liggje på 3,9 prosent for året samla sett, ifølgje Finansdepartementets anslag. Det tilseier at folk kan vente seg ein reallønnsvekst – altså det som er igjen når inflasjonen har teke sitt – på rundt 1,3 prosent i år.

Den blir i så fall den største auken i kjøpekraft på over ti år.

– For mange blir denne lønnsveksten realisert først til hausten, når dei lokale forhandlingane er gjennomførte. Då vil også dei som kanskje har merka den høge prisveksten dei siste åra mest, barnefamiliane, få ytterlegare lettar gjennom reduserte barnehageprisar og endå eitt år med gratis kjernetid på aktivitetsskulen, seier finansministeren.

Den varsla auken på 10 prosent i studiestøtta trer også i kraft over sommaren, påpeikar Vedum, før han ramsar opp det regjeringa har gjort med pensjonsnivå, bustøtteordning og innretninga på straumstøtta.

– No ser vi at det vi har jobba veldig hardt for, byrjar å skje, seier Vedum.

– Kjem av politiske val

Men finansministeren og regjeringa har liten innverknad på rentesetjinga og pengepolitikken. Den er det Noregs Bank som rår over med lovfesta sjølvstende og basert på ei lang rekke makroøkonomiske storleikar og utviklingsstrekk. Og storleiken på lønnsoppgjera skal politikarane helst halde seg langt unna, såframt ikkje partane i arbeidslivet koplar dei på.

– Mykje kjem av den politikken vi har ført, og dei vala vi har teke. Vi tok mange tøffe val hausten 2022 som skapte mykje debatt. Då var vi redde for høg arbeidsløyse. Det hjelper ikkje med gode lønnsoppgjer viss du ikkje har ein jobb. Men der er vi altså ikkje, seier Vedum.

Han peikar mellom anna på at straumstøtta hjelpte mange med å handtere ein kritisk kostnadssituasjon då energiprisane skaut i vêret. Regjeringa har også auka barnetrygda og sett inn kraftigare økonomiske hjelpetiltak for folk med dårleg råd enn kollegaene i nabolanda, påpeikar han.

Knapt ei mørk sky

Det er tilsynelatande knapt ei mørk sky på Vedums horisont. Han oppgir ristingar som blir påførte oss utanfrå som den største risikoen.

– Den største x-faktoren no er om det skulle skje noko dramatisk i krigen. Men også i den samanhengen ser det betre ut no enn vinteren 2022. Økonomien er betre rusta, og vi er ikkje så avhengige av import av matvarer og innsatsfaktorar. Vi har betre kontroll og større musklar til å handtere dette no, seier Vedum.

Powered by Labrador CMS