nyhende

Ruth Vihovde Strand er øvst på lista til Venstre.FOTO: PRIVAT
Ruth Vihovde Strand er øvst på lista til Venstre.

Venstre vil ha fleire arbeidsplassar og sjukepleiarar

— Me går til val på dei typiske venstresakene, seier førstekandidat Ruth Vihovde Strand. Venstre har ikkje valprogram klart, men fortel at skule, helse og arbeidsplassar står sentralt.

Publisert Sist oppdatert

Fem på topp Venstre

  1. Ruth Vihovde Strand
  2. Bernhard Endseth Nerland
  3. Knut Richard Hein Sønsteby
  4. John Håkon Næss
  5. Malin Dyrrdal

Ho er nøgd med lista som ho står øvst på. Ruth Vihovde Strand gler seg til valkampen.

— Politikk er veldig kjekt å halda på med, så det er fint å stå øvst, seier Strand.

Til dagleg jobbar ho for Sør-Vest Politidistrikt, og er som pendlar sjølv ein del av ei av hennar hjartesaker.

— Eg synest me treng fleire arbeidsplassar i Sveio, fordi det er mange som jobbar utanfor kommunen og pendlar, seier Strand.

Fleire legar og sjukepleiarar

Dei har ikkje spikra ferdig valprogrammet deira, men ho fortel at det vert det ho kallar typiske venstresaker.

— Skule og utdanning. At elevar har gode lærarar og lærarar får den kompetansen dei har behov for. Og så er helse viktig, eg tenkjer at slik det er no har fastlegar det vanskeleg, seier Strand.

Ho meiner kommunen må gjera sitt for å betra situasjonen, både for legar, sjukepleiarar og pasientar.

— Me må legga til rette for at det er attraktivt å vera fastlege i kommunen. Sjukepleiarar har me for få av, viss du ser på sjukeheimen er den underbemanna. Der kan me legga til rette for fleire faste stillingar så dei får meir ordna arbeidsforhold. Og at dei som har behov for hjelp får den hjelpa dei treng og har rett på, seier Strand.

For bygdene og små lokalsamfunn

— Kva kan du seia om lista til Venstre?

— Det er ei bra liste med engasjerte folk. Eg har tru på at me har ei liste med folk som er villige til å trø til. Det er litt få kvinner på lista. Det skal me jobba med fram til neste val, seier ho.

Den geografiske fordelinga er frå Førde og sørover, fordelt mellom Sveio og Rophus.
Strand gjer det klart at det påverkar ikkje politikken deira.

— Me er for bygdene, og at det skal vera små lokale samfunn, seier ho.

Ei utfordring kan vera å få dei små bygdene rundt om til å føla seg meir inkludert, tenkjer Strand.

Ikkje standpunkt om skular enno

— At ikkje alt er sentralisert i Sveio, seier ho.

Særleg kan det gjelda skulestrukturen, som tidlegare har vore splittande i kommunen.

2. kandidat for Venstre, Bernhard Endseth Nerland, fortel at deira syn ikkje er avklart, då valprogrammet ikkje er ferdig.

— Me har ikkje teke noko standpunkt når det kjem til skulestruktur enno, men ser på skulane som eit viktig ledd i å behalda og utvikla levande lokalsamfunn, seier Nerland.

Powered by Labrador CMS