nyhende
Venstre: Regjeringas grep kan gjere matvarene endå dyrare
Handlekorga blir endå dyrare viss regjeringa svekkjer konkurransen i meieribransjen, meiner Venstre. Partiet spør kva regjeringa gjer for å få ned matprisane.
Han peikar på at det regjeringa bevisleg gjer – arbeidet med å gå gjennom tiltaka i prisutjamningsordninga for mjølk og moglegheitene for at dei blir fjerna – truleg vil bidra til å drive matprisane ytterlegare opp. Regjeringa handlar i strid med tilrådingar frå både Konkurransetilsynet og Landbruksdirektoratet, viss den gjer alvor av forslaga om å avvikle tiltaka, meiner han.
Onsdag skrudde daglegvarekjedene opp prisane med grunngiving i høgare prisar inn frå mellom anna leverandørar og distributørar. Det er usikkert kor mykje prisane reelt sett aukar, men anslaga i forkant av prisjusteringa tydd på at matprisane kan komme til å stige så mykje som 10 prosent.
Tiltaka har verka
– Eg forventar at næringsministeren slår fast at vi ikkje skal øydeleggje den sunne konkurransen vi har fått på meierivarer, og at no må interessene til forbrukarane gå føre Senterpartiets ønske om å verne matvaregiganten Tine mot konkurranse, skriv Bjørlo i ein e-post til NTB.
Landbruksdirektoratet har funne at dei konkurransefremjande tiltaka for mjølk har fungert etter hensikta etter at dei vart innførte i 2007, kjem det fram av rapporten som er utarbeidd på bestilling frå Landbruksdepartementet.
Direktoratet konkluderer med at avvikling av dei tre tiltaka kan medføre at Tines konkurrentar kan få mindre evne til å satse og investere i meierimarknaden. Kostnadene ved å avvikle vil dessutan vere så store at omstillingar synest meir sannsynleg.
– Vil svekkje konkurransen
– Utan andre tiltak er det sannsynleg at konkurransen i den norske marknaden vil svekkjast. Det er fare for mindre produktmangfald basert på norsk mjølk og mindre investeringar frå Tines konkurrentar, heiter det i rapporten.
Meieriprodukt åleine utgjer 15 prosent av handlekorga til folk flest. Viss tiltaka blir avvikla, vil prisane auke ytterlegare, meiner Bjørlo, som skriv at Landbruksdepartementet arbeider med «å øydeleggje konkurransen i meierisektoren».
– Det vil gå ut over utfordrarane i meieribransjen – som mellom anna Synnøve Finden, Q-Meieriene, Rørosmeieriet – og gi norske forbrukarar dyrare mat og dårlegare utval. Det er stikk motsett av kva folk flest treng no, skriv han.
(©NPK)