nyhende

Utgiftene til folketrygda aukar med 92 milliardar kroner dei neste ti åra, ifølgje ein rapport.
Utgiftene til folketrygda aukar med 92 milliardar kroner dei neste ti åra, ifølgje ein rapport.

Veksten i folketrygda aukar meir enn veksten i norsk økonomi

Fleire blir pensjonistar, fleire er sjuke og fleire går på arbeidsavklaring, og dermed går utgiftene til folketrygda bratt opp.

Publisert Sist oppdatert

Veksten i folketrygda aukar raskare enn veksten i norsk økonomi det neste tiåret, viser ein rapport frå Nav og Helsedirektoratet.

Vel ein tredel av statsbudsjettet (34,5 prosent) går til å betale for folketrygda. Andelen gjekk ned frå 2012 til 2022, men aukar no igjen.

I 2032 vil folketrygda koste 717 milliardar kroner. Det er ein auke på 92 milliardar kroner på ti år.

Fleire eldre

– For å illustrere kva dette kan bety, har vi rekna på kva det svarer til om heile auken blir finansiert gjennom høgare skatt. Det vil krevje at kvar skattytar betaler 14.000 kroner ekstra i året i skatt, seier avdelingsdirektør i Nav Ole Christian Lien.

Fleire alderspensjonistar er hovudårsaka til veksten. Denne gruppa er venta å utgjere 59 milliardar kroner fram mot 2032.

Pensjonsreforma bidreg likevel til å dempe veksten, og ho vil isolert sett gi ei innsparing på 31 milliardar kroner.

Område det er venta høgare vekst er særleg:

  • Legemiddel og andre helsetenester (mellom anna frikortordninga)
  • Sjukepengar
  • Arbeidsavklaringspengar
  • Hjelpemiddel

Den sterke veksten i utgifter til legemiddel, helsetenester og hjelpemiddel kjem av at det blir fleire eldre. Noko av forklaringa er også at det har komme nye og dyrare legemiddel.

Sjukefråværet ligg høgare enn før

Sjukefråværet har ikkje gått ned etter koronapandemien og har i staden halde fram med å auke.

– Vi trur no at sjukefråværet og utgiftene til sjukepengar vil stabilisere seg på eit noko høgare nivå enn før pandemien, seier Lien.

Fram til 2019 vart det færre på arbeidsavklaring, men så snudde utviklinga. Det kjem av at fleire enn før har komme inn på ordninga. Det kjem av auka sjukefråvær, og at mange har vorte verande på ordninga lenger enn før.

– Det er positivt at mottakarar av arbeidsavklaringspengar får tilstrekkeleg tid til å komme tilbake i arbeid der det er mogleg, men det er samtidig urovekkjande at det blir fleire som står utanfor arbeidslivet på grunn av helseproblem, seier Lien.

Powered by Labrador CMS