nyhende
Veksande parti stiller til val i Sveio
Industri- og næringspartiet nærmar seg sperregrensa nasjonalt, og stiller til hausten til val i Sveio. — Me er eit sentrumsparti med fokus på å vidareutvikla bygd og by, og halda fram med utvikling av næring i kommunen, seier førstekandidat Cato Sivertsen.
Industri- og næringspartiet er eit veldig nytt parti i Noreg. Det vart stifta i 2020 på Rjukan. På få år har partiet vakse frå å vera del av kategorien «andre parti» på meiningsmålingar til å nærma seg sperregrensa nasjonalt.
Førstekandidaten deira Cato Sivertsen har vore medlem i litt over eit år. Han meiner dei er eit friskt pust i Noregs politiske landskap.
Nyare fokus
— På landsbasis har me fokus på oppvekst og næring. Det er ikkje noko nytt sånn sett, for alle parti er jo opptekne av det. Men, det me kjem med er eit nyare fokus, seier Sivertsen og fortset:
— Fokuset til andre parti spenner vidt, breitt og i globale båsar, som kanskje ikkje er så relevant for Noreg sånn sett. Det me ynskjer er større fokus på det me har, seier han.
INP i likskap med andre parti har ikkje eit fastsett valprogram, men Sivertsen fortel at det er ein raud tråd.
— Samtlege av oss i partiet ynskjer meir aktivitet i forhold til industri og bedrifter i Sveio. Det er ein stor kommune med enormt areal, så me har jo plass til meir, og me har plass til fleire innbyggarar. Og, eg vil seia det er ein kommune verdt å ta vare på, seier han.
Meir arbeidsplassar i Sveio
Til dagleg jobbar han på båt i Nordsjøen som dekksformann, men er også utdanna lærar. I friperiodane er han ringevikar for Vikse og Sveio skule. Han fortel at dei går inn for å halda skolestrukturen slik den er.
— Me må ta vare på dei små menneska, slik at dei slepp å ta buss frå, til dømes, Valevåg til Sveio sentrum frå dei går i første klasse, seier Sivertsen.
Mykje av jobbinga hans før Nordsjøen var også utanfor Sveio, og det vert enda ein grunn til at han ynskjer meir næring i Sveio.
— Eg har vore litt i politikken tidlegare, men har alltid sakna fokuset på å prøva å skapa noko meir for sveibuen i Sveio. Det har vore ein trend at dei fleste arbeidsplassane reiser me til Haugesund og andre kommuner for. Sånt har det vore sidan eg vaks opp, seier han.
Sivertsen fortel han var innom to parti før INP, men ønsker ikkje å svara på kva for nokre. Han vil halda fokuset på der han er no.
Saknar visjon for framtida
— Var INP eit parti du lengta etter?
— Eg vil heller seia «ønska». Dei har betre fokus på næring, oppvekst, det sosiale og utvikling i samfunnet. Det er dei aller viktigaste oppgåvene til ein politikar, seier han.
Kandidatane på lista deira bur for det meste rundt Sveio og sørover, med tre på Rophus, fire i Sveio, men også ein frå Auklandshamn og ein på Valevåg.
— Kva kan du seia om lista dykkar?
— Dei på lista ynskjer ein klarare visjon for kva som er viktig for framtida. Nokon av dei har behov for å sjå at det kan vera noko å by på til etterkomarane våre framover. Det har eg også, avsluttar han.