nyhende
Veit ikkje om ho nokon gong kan reise heim
Ukrainske Tetiana Zamnyus opplever å bli drege mellom to kjensler. Tryggleiken med alt det gode i Sveio, og saknet av heimbyen Kharkiv. — Det er så vanskeleg å vite framtida, og om det i det heile tatt vert mogeleg å reise heim, seier ho.
Meir enn eit halvt år har gått sidan krigen i Ukraina starta. Den gong opna Sveio kommune for å ta i mot 35 flyktningar frå landet og busette dei. I dag er det busett 17 ukrainske flyktningar i kommune.
Vestavind trefte nyleg fleire av dei på gamleskulen i Førde. Der er det ein gong i veka ei samling der utanlandske innbyggarar kan kome og øve norsk, på ein såkalla språkkafé. Der kan ein drikke kaffi og te, og spise kjeks i godt selskap.
Usikker på framtida
Ei av dei er Tetiana Zamnyus. Ho fortel at ho opplever å bli drege mellom to kjensler. Tryggleiken med alt det gode i Noreg, og saknet av byen ho kjem frå.
— Eg kjem ifrå Kharkiv skjønar du, så det er så vanskeleg å vite om framtida og om det i det heile tatt vert mogeleg å reise heim, seier ho.
Det er ein av byane som er i nærleiken av frontlinja og har opplevd mykje øydelegging. Difor lev ho framleis i uvisse.
— Folk er snille her
Ho understreker at ho har berre gode opplevingar og kjensler for Noreg. Ho bur i Førde og trives godt i kvardagen her, men sitt heim er aldri langt unna.
— Folk er veldig snille her, så eg kunne gjerne bli verande her i Førde. Samstundes så håpar eg den ukrainske hæren frigjer meir av landet vårt, seier ho.
Det er Tetiana Zamnyus som omset frå norsk og engelsk til ukrainsk når Vestavind snakkar med dei, medan dei speler eit slag Kina-sjakk.
— Korleis har dykkar det i Sveio?
— Eg har det kjempebra her, Noreg er eit veldig bra land, seier Natalia Laptieva.
Gruppa pratar seg i mellom og er samde om konklusjonen.
Dei er alle saman veldig nøgde med Noreg.
— Ynskjer de å bli verande her?
— Ja, eg vil gjerne bli her i Noreg, seier Laptieva.
Drøyme om The Voice
Ei anna som er til stades er Anastasiia Nuzhnaya, som held til i sentrum av Sveio. Ho ynskjer å lære seg norsk så godt som mogeleg, då ho trives svært godt og planlegg å bli verande her.
Hennar heimby er Odessa, som ligg heilt sør i Ukraina.
Ho merkar klimaforskjell mellom der og vestlandet.
— Men det regnar mykje meir her enn heime, humrar ho.
— Eg likar Sveio, men trur eg kjem til å flytte til ein større stad. Eg er oppvaksen i ein by på over to millionar menneskjer, seier Nuzhnaya.
— Draumen min er å vere med på songkonkurransen The Voice, seier ho.