nyhende

Veit ikkje når dei får erstatta føysa

I vår varsla ein bebuar i Valevåg om ei farleg føyse med rote. Kommunen lova då å fjerna føysa før sommaren, og setja opp ny eller erstatta. No må dei prioritera andre kommunale bygg og dessverre utsetja.

Publisert Sist oppdatert

I slutten av mai varsla ein bebuar om ei farleg føyse med rote på eit byggjefelt i Valevåg. Frykta var at barn skulle kome til skade ved bruk av den populære, men øydelagde føysa. Kommunen lova å ordna det før sommaren, men så langt har berre føysa vorte fjerna og ikkje erstatta.

– Det rekna eg med, seier valestrendingen som ikkje ynskjer å ha namnet sitt på trykk.

Må prioritera

Frederik Aalo Flood er einingsleiar for drift- og anleggsavdelinga i Sveio kommune, og er den som har kjennskap til saka. Han kjem med ein dårleg nyheit.

– Me har plan om å setja opp ei ny føyse, men dette har dessverre vore naudsynt å utsetja, skriv Flood i ein e-post.

Han stadfestar at dei har fjerna den farlege føysa, og legg til at det er det viktigaste i fyrste omgang.

– Me kan sjølvsagt ynskje oss meir og betre økonomi. Då kunne me ha gjort meir, skriv Flood.

Årsaka til utsetjinga er at dei har måtta prioritera andre oppgåver i samanheng med drift av kommunale bygg som sjukeheim, skular og barnehagar.

– Prioritering er ei viktig og naudsynt øving i kommunal verksemd, skriv han.

Saknar føysa

Bebuaren er korkje nøgd eller overraska over utsetjinga, men har også forståing for kommunen.

– Det kostar sikkert kommunen ganske mykje for ei ny føyse. Dei har no fjerna den, seier valestrendingen.

No er sommaren over og leikeplassen har vore utan føyse i ein månad.

– Eg veit dei som bur i nærleiken saknar den. Og mange tilreisande har tidlegare brukt den, seier bebuaren.

Einingsleiaren fortel at dei førebels ikkje kan gje ein konkret dato for erstatning.

– Me må rett og slett koma tilbake til denne føysa litt seinare, skriv Flood.

– Barna er viktigast

Det er bokstaveleg talt veldig keisamt å høyra, meiner bebuaren.

– Kva tenkjer du om at dei ikkje veit når dei kan erstatta føysa?

– Det er veldig dumt. Eg er klar over at alle slit med pengar, men barna er viktigast, seier bebuaren.

Utan føyse er det ikkje så mykje att på leikeplassen, som hittil har vore mykje nytta i helgene og ferier.

— Eg synest det er veldig dumt, fordi det avgrensar aktiviteten til barna, seier valestrendingen.

Powered by Labrador CMS