nyhende
Vegvesenet vurderer trafikktiltak på Haukås
Klager på høg fart er ein av grunnane til at Statens vegvesen driv trafikkregistrering ved E39 på Haukås.
I ein periode har ein trafikkteljingsmålar vore i bruk like i nærleiken av Haukås bensinstasjon. Vestavind har vore i kontakt med Statens vegvesen for å høyra resultatet av desse målingane, og kva desse skal brukast til.
Høgt fartsnivå
– Målingane blei utført på grunnlag av klager om høgt fartsnivå, og mange har fått bøter for dette. Data av desse målingane skal brukast til å koma fram til om det er behov for å gjera tiltak på strekninga, opplyser senioringeniør i Statens vegvesen, Elisabeth Hagen Zeil.
Ønskjer fleire målingar
Ifølgje vegvesenet skal det nå gjerast nye målingar på staden før eventuelle tiltak blir sett i verk.
– Grunnen til det er at radaren blei plassert på ein litt ugunstig stad, me ønskjer difor fleire målingar for å konkludera med kva fartsnivået i området ligg på, opplyser Hagen Zeil.
Måleperioden på Haukås var i tidsrommet 21.- 26. september. Radaren registrerte volum, gjennomsnittshastigheit, 85 fraktil km/t, 95 fraktil km/t, og den målte i begge retningar.
Meir utfyllande forklaring på nemninga «fraktil» forklarar Hagen Zeil slik: – Fartsnivå er representativ verdi for fart langs ein vegstrekning eller i eit snitt på vegen. Aktuelt nivå kan vera 85 % fraktil, det vil seia den farten som 85 % av bilistane ikkje overskridar.