nyhende
Vegvesenet vurderer tilbakekalling av Tesla-modellar
Statens vegvesen skal om ikkje lenge ta stilling til om dei skal be Tesla om å kalle tilbake Model S og X i Noreg, for byte av berearmar.
Nøyaktig kor mange berearmar på Tesla-modellar som har knekt, er ikkje kjent, men Statens vegvesen og NAF har følgt med på berearm-problema over lang tid, skriv VG.
Allereie i november 2022 sende Vegvesenet eit brev til Tesla om saka. Det siste møtet mellom produsenten og Vegvesenet fann stad i desember. No nærmar det seg ei avgjerd. Overingeniør Tor Ove Sætren opplyste då til Motor, som først skreiv om saka, at avgjerda antakeleg fell tidleg på nyåret.
Det er registrert totalt 21.500 Model S og 14.300 Model X i Noreg.
I eit svar frå Tesla til Vegvesenet, som VG har sett, opplyser elbilprodusenten at denne typen feil oppstår svært sjeldan.
«Tesla mener det ikke foreligger noen sikkerhetsrisiko i sammenheng med knekt eller svekket bakre nedre kontrollarm (bærearm)» heiter det i svaret.
Ifølgje NAF er feilen mest vanleg på Model S produsert i 2018 og tidlegare, men han kan også finnast på tidlege årgangar av Model X.