nyhende

Vegvesenet positiv til zipline på skule

Førde skule skal ha nye leikeapparat på sin uteplass. Grunna nærleik til E39 må det søkjast om løyve. — Me trur ikkje det hindrar trafikktryggleik, seier Sigmund Bødal, senioringeniør ved Statens vegvesen.

Publisert Sist oppdatert

— Det er eit kommunestyrevedtak som seier det skal stå klart til skulestart i august, seier Andreas Ekrheim, prosjektleiar i Sveio kommune.

Sveio kommune held for tida på med søknadsarbeidet til Førde skule sitt nye uteområde.
Før sjølve bygginga kan byrja, må det søkjast og gjevast mogelegheit til innspel frå naboar, enten dei er personar eller organisasjonar.

Nabovarsel for leikeapparat

— Fristen gjekk ut onsdag denne veka, og det er ingen naboar som har kome med merknadar så langt, seier Ekrheim.

Grunna veglova kom Statens vegvesen nemleg med eit påkravd svar der dei seier at Sveio må søkja om løyve til å føra opp ein zipline.

Grasflekken der skolelevar frå Førde skal få slenga seg avgårde ligg nemleg innanfor ei 50 meter grense til E39. Kravet om søknad er ikkje utan grunn.

— Det er ikkje meir komplisert enn at dei forskjellege vegane våre har ei såkalla byggegrense. Innanfor den ynskjer me minst mogeleg hus, installasjonar og liknande, seier Sigmund Bødal, senioringeniør ved Statens Vegvesen.

Omsyn til folk og veg

Det var han som sende svaret frå vegvesenet til Sveio kommune, og fortel at det handlar om omsyn til framtidig veg, og noverande folk.

— Grensa skal ivareta framtidig utviding av veg, og hindra dei som er i nærleiken frå negative konsekvensar frå vegen, som støy og støv, seier Bødal.

Vegvesenet understrekar derimot at dei ikkje automatisk er negative, sidan Førde skule allereie ligg nært vegen.

— Ziplinen er ein del av ein pakke til skulen der dei set opp forskjellige installasjonar. Og det ligg ein gamal fotballbane der frå før av, seier Bødal.

Han fortel at Sveio kommune ikkje offisielt har motteke svaret enno, men Bødal stadfestar til Vestavind at det vert eit ja til zipline.

— I denne saka var det viktigaste at det juridiske er i orden, og at dei får lov å setja opp zipline. Me har gjeve løyve til at dei får setja den opp, svarar Bødal.

Arbeidet held fram

Ingen regel utan unntak seiast det, og i denne saka verkar det som vegvesenet er einig.

— Løyva er grunna samanhengen i skulen sin plan, og at dei gjer noko positivt. Me trur ikkje det er til hindring for trafikktryggleik, seier Bødal.

Framover kan arbeidet med nye leiker til uteplassen ved Førde skule difor halde fram, og Ekrheim i Sveio kommune seier det er undervegs.

— Me skal senda inn søknad til Sveio kommune no. Når eller viss den vert godkjend, så kan me starta, seier han.

Positiv, men saknar gjerde

Ei som er positiv til kva som skal kome til hausten, er Annette Hammer Nerland.

Som leiar i FAU Førde følgjer ho med på prosessen. Ho er samd med vegvesenet at ein zipline ikkje vil vera eit problem for bilistar på E39.

— Den vil nok ikkje vere synleg ein gong, då fotballbanen er i vegen, seier Nerland.

Ho fortel at dei ynskjer utbetringa velkomen, men at det samstundes burde ha vorte gjort noko med gjerdene.

— Om det var noko risiko involvert, så ville det ha vore på fotballbanen. Der er det jo midlertidige gjerder mellom E39 og banen som kommunen sette opp. No har dei stått i 1,5 år, seier ho.

Nerland kjenner ikkje til farlege hendingar, men seier nye og betre gjerder burde ha vore ei prioritering.

— Det er meir skummelt at dei fyk og spring der, enn ein zipline, seier ho.

Powered by Labrador CMS