nyhende
Vegvesenet åtvarar mot førarkort-svindel
Mange har den siste tida fått e-post frå det som tilsynelatande er frå Statens vegvesen med varsel om at det er tid for fornying av førarkortet. Ikkje klikk på lenkene. Vegvesenet sender aldri ut e-postar eller sms med lenker.
Både unge og eldre let seg lura
Han har inntrykk av at e-postane, og ein del sms-ar, går ut til alle aldersgrupper, og at det også er folk frå alle aldersgrupper som lèt seg lure av svindlarane. Ein fellesnemnar for dei som blir svindla er at dei er i ein situasjon som passar med det svindlarane skildrar i e-posten. Slik som til dømes tid for å fornye førarkortet.
Statens vegvesen får inn mellom 200 og 400 meldingar frå publikum om svindel kvar månad, men omfanget av e-postar som går ut til publikum er langt større. Det er eit mindretal av mottakarane som går på svindelforsøka, men det er likevel eit stort problem, meiner Skotte. For masseutsendingane av e-postar går ut til enormt mange.
Opererer frå utlandet
Gjermund Skotte opplyser at svindlarane, som opererer frå utlandet, sit på store databasar over e-postadresser. Nokre har dei skaffa seg lovleg, andre på ulovleg vis.
Det mest fornuftige når ein får ein uventa e-post, er å lese innhaldet nøye. Sjekk til dømes avsendaradressa. Sjølv om logoen ser heilt ekte ut, så kan avsendaradressa ofte avsløre om det er snakk om eit svindelforsøk.
I dei siste e-postane som gir seg ut for å vere frå Statens vegvesen, står det til dømes postmaster@pixpamail.com. Statens vegvesen, eller ein annan seriøs aktør for den del, vil aldri bruke ei slik e-postadresse.
Samarbeider med politiet
Statens vegvesen samarbeider tett med politiet om slike svindelforsøk, men det er ei kjensgjerning at mindre summar ikkje blir prioriterte i etterforskinga av slike svindelsaker.
Folk som blir utsette for svindel blir tilrådde å kontakte banken sin og politiet der dei bur. Statens vegvesen vil gjerne også at folk sender informasjon om svindelforsøket til e-postadressa krimtips@vegvesen.no.
Statens vegvesen har ei eiga side på nettet med råd til dei som blir utsette for svindelforsøk.
Stort omfang
Ei landsomfattande undersøking frå Nasjonal kommunikasjonsstyresmakt (Nkom) viser at ni av ti nordmenn over 18 år har vore utsette for digitale svindelforsøk det siste året. Over 70 prosent av desse forsøka kom via e-post.
74 prosent av dei spurde svarte at dei opplever svindelforsøk ein gong i månaden eller oftare, medan 11 prosent seier det skjer kvar dag.
Økokrim har estimert at digitale bedrageri i 2023 åleine hadde eit samla utbyte på over to milliardar kroner. Ein analyse frå Trygg Handel viser at 70 prosent av all svindel i Noreg i dag skjer digitalt, og at e-post har ein dominerande plass.
Blokkerte 2,2 milliardar hendingar
Totalt var det over 29.500 svindelsaker i 2024, det høgste nivået nokon gong. Alt tyder på at aktiviteten frå svindlarane er stadig aukande.
Telenor blokkerte i fjor heile 2,2 milliardar hendingar knytte til digital kriminalitet, eit historisk høgt tal. Telenor reknar med auke også i 2025.
Ein tendens er også at svindlarane blir stadig meir proffe. I ein del tilfelle er det lett å oppdage eit svindelforsøk blant anna fordi det er elendig bruk av norsk språk, men ekspertar åtvarar om at det kan bli stadig vanskelegare å identifisere svindelforsøka.