nyhende

Utrykningspolitiet var på plass i Førde onsdag ettermiddag og kveld.
Utrykningspolitiet var på plass i Førde onsdag ettermiddag og kveld.

Vegen opna igjen etter alvorleg ulukke

Publisert Sist oppdatert

Ein bilførar er frakta til Haukeland sjukehus med luftambulanse etter ei trafikkulukke på E39 mellom Førde og Håvardsholm-krysset, melder Sør-Vest politidistrikt klokka 08.39 onsdag.

Ein bil skal ha køyrd ut av vegen i ein sving like ved Bårvågsvatnet. Personen, ein mann i 20-åra var bevisst etter utforkøyringa. Vegen blei stengt i begge retningar etter ulukka.

Klokka 10.10 opplyser politiet at vegen er opna for trafikk igjen.

Powered by Labrador CMS