nyhende
– Vegen hit har vore utruleg lærerik
Kva valde du i 10. klasse, korleis har yrkeslivet vore, og kva gode råd har du? Det er nokre av spørsmåla i serien «Yrkesval».
– Sidan eg var liten elska eg å vera med far min ut i garasjen og skru på påhengsmotorar. I 10. klasse kunne me velja å jobba ein dag i veka i staden for å ha tysk, så då jobba eg hos han. Men han sa eg ikkje burde gå hans veg. «Kom deg i Nordsjøen, son, der er det møkje bedre». Så eg valde å gå VG1 TIP og VG2 Maritime fag der eg tok motormannsfaget.
– Kva vidare utdanning har du tatt etter det?
– Etter eg fekk fagbrev som motormann, tok eg førstegongsteneste og blei utplassert på kongeskipet «Norge». Deretter bar det videre på Karmsund maritime tekniske fagskule kor eg tok to års utdanning som maskinoffiser.
– Kva jobbar du med i dag, og korleis har vegen dit vore?
– I dag jobbar eg offshore som maskinromsoperatør (2. maskinist) på «Martin Linge B» i Nordsjøen. Eg jobbar for Knutsen OAS som eg har vore hos sidan eg fullførte fagskulen i 2013.
– Vegen hit har vore utroleg lærerik. Eg har vore på fire forskjellige bøyelastarar, to år i teknisk avdeling ved Knutsen sitt hovudkontor og to år ombygde bøyelastarar som ligg fast på norsk oljesektor, «Åsgard C» og «Martin Linge B». Det som er kjekt med tankskiprederi er at ein får skru og overhala utroleg mykje av alt maskineri då mesteparten av teknisk utstyr blir klassa av maskinsjef.
– Kva er ditt beste råd til 10. klassingane som snart skal søka vidare utdanning?
– Eg veit ikkje om eg har nokre beste råd, men om eg skal seia noko så må det vera ikkje la dykk bli pressa av noko eller nokon. De kan bli akkurat det de vil. Finn det du likar og følg draummen din. Du er berr din eiga avgrensing.