nyhende

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (SP) vil halde oppe eit høgt tempo i Nordsjøen. Foto: Terje Pedersen / NTB
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (SP) vil halde oppe eit høgt tempo i Nordsjøen.

Vedum ønskjer framleis høgt tempo på norsk olje- og gassutvinning

Publisert Sist oppdatert
NPK-NTB: Finansminister og Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum meiner den nye situasjonen i Europa gjer Noregs rolle som energinasjon endå viktigare.

– I dag ser vi kor viktig det er at Noreg er ein stabil leverandør av olje og gass. Dette er det desidert viktigaste bidraget vårt til stabilitet i Europa, seier han til Klassekampen.

Han er ikkje bekymra for klimarisikoen ved å opne nye felt.

– Vi er i ein heilt unik posisjon. Det finst knapt andre demokrati som produserer olje og gass for eksport. Berre tenk korleis situasjonen hadde vore i Europa i dag om dei ikkje hadde hatt gassen frå Noreg. Det hadde vore fullstendig krise på energileveransar, seier han.

Vedum understrekar at nye felt må vurderast opp mot lønnsemda og klimarisikoen, men er langt frå bekymra for at det er for høgt tempo på sokkelen.

Han understrekar òg at ein må jobbe for å finne nye løysingar for å produsere energi med låge utslepp.

(©NPK)

Powered by Labrador CMS