nyhende
Vedum om uroa i økonomien: – Vi skal komme oss gjennom dette
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum tenkjer dag og natt på høgare prisar og auka renter. Men han har ein plan for å lóse Noreg gjennom det.
Tysdag held han eit foredrag for å orientere om den økonomiske situasjonen, før regjeringa neste veke møtest for å diskutere neste års statsbudsjett.
Bakteppet er dystert: Krig i Europa, høg inflasjon og stadig eskalerande straumprisar.
Hovudmål: kontroll på prisane
Vedum er oppteken av å halde vanlege folk i jobb og jamne ut forskjellar – og då meiner han det aller viktigaste han kan gjere som finansminister, er å få kontroll på prisveksten.
– Vi har veldig låg arbeidsløyse og rekordmange nordmenn i jobb, noko som er heilt fantastisk. Men all historisk erfaring seier at høg prisvekst over tid gir høg arbeidsløyse, ikkje minst for dei som akkurat har komme inn på arbeidsmarknaden, seier han.
Regjeringa har fleire gonger gjort det klart at vi går dystrare tider i møte, og at den offentlege pengebruken må strammast inn for å unngå ytterlegare prisvekst.
– Vi må gjere noko som er nytt i norsk politikk på 2000-talet, nemleg å redusere oljepengebruken. Viss vi berre vel å auke han, kan vi fort leggje ytterlegare press på prisane, noko som rammar dei som har minst, hardast, seier Vedum.
Opprørt hav
Det er noko uvanleg at finansministeren held eit økonomiforedrag før budsjettkonferansen. Men så er vi også inne i eit spesielt år, påpeikar han.
– Det er ein mykje meir uroleg tid, med større endringar i grunnlaget for statsbudsjettet enn det vanlegvis er, seier han.
Han er framleis tydeleg på at dei med låge og «vanlege» inntekter skal skånast mest i budsjettet.
– Det er opprørt hav, og vi skal prøve å segle båten i land på den andre sida. Vi skal ta grep for at forskjellane ikkje aukar, og at folk beheld jobbane, sine.
Nasjonal kontroll på straumen
Dei stadig nye prisrekordane på straum har også gjort framtida utfordrande for fleire bedrifter. Regjeringa har varsla at dei kjem med tiltak, men Vedum vil ikkje seie om han har med seg noko nytt om dette i foredraget sitt.
– Når eg er i møte med bedrifter no, er hovudutfordringa at mange ikkje får tak i nok folk, seier han.
I regjeringsplattforma frå Hurdal i fjor vedtok Arbeidarpartiet og Senterpartiet å sikre «nasjonal kontroll over naturressursar».
Finansministeren viser til at dei jobbar med eksportrestriksjonar for straum når vassmagasina blir for låge. Han trur ikkje nødvendigvis det blir vanskeleg å presentere dette overfor kollegaer i utlandet og trekkjer fram eit besøk i Finland førre veke.
– Dei kjende uro over dette, men då eg forklarte grunngivinga, opplevde eg at dei hadde forståing for kvifor vi ønskjer å prioritere forsyningstryggleiken i Sør-Noreg, seier Vedum.